Dei to siste åra har igjen gitt nye temperaturrekordar. Truleg vil 2016 også gje ny rekord.
Dei to siste åra har igjen gitt nye temperaturrekordar. Truleg vil 2016 også gje ny rekord.

Klimakunnskapen er solid

Det gjer vondt når Njål Eidhammer skriv at FNs klimapanel er den største bløffen i dette århundret.

Njål Eidhammer skriv om korleis han i lang tid har følgt med i klimadebatten og enda opp som ein klimaskeptikar (Os & Fusaposten 2. juli). Han skriv ikkje for å overtyda slike som meg, men eg må minna om at så godt som alle klimaforskarar (mellom 90 og 100 %, avhengig av korleis ein definerer einigheit mellom ekspertar) er einige om at klimaendringane går mot global oppvarming, og at mennesket er hovudansvarleg.

Vitskapsakademier i alle land, forskingsinstitusjonar som NASA, NOAA og Bjerknessenteret, seier alle at vi får ein vidare oppvarming om vi ikkje handlar raskt. Paris-avtalen er underskriven av mest alle land i verda. Som forskarar kan vi forklara kva som skjer, grunnleggjande er det enkel fysikk. Difor aukar også oppslutninga frå folk flest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjer vondt når Eidhammer skriv at FNs klimapanel er den største bløffen i dette århundret. Eg veit om berre eitt tilfelle i fleire tusen sider med oppdatert kunnskap at nokon har klart å påvisa ein feil. Eg kjenner fleire norske forskarar som har vore hovudforfattarar for delar av rapportane, dei er mellom våre beste og ærlegaste forskarar, dei må berre ærast.

Då vitskapen fekk dokumentert at røyking av tobakk var skadeleg for helsa, fekk produsentane sett i gang ei motforsking som skulle visa at dette ikkje var sant. "Vårt produkt er tvil", heitte det i eit berykta strateginotat. Når det gjeld klimaendringane, har produsentane av fossilt drivstoff finansiert noko liknande. Eg er redd Eidhammer har lese for mykje av dette.

Det er rett slik skeptikarane viser til, at global oppvarming har vist ei dempa utvikling sidan årtusenskiftet. Det heng saman med at heile 90 prosent av ekstravarmen jorda mottek går til havet og berre nokre få prosent til atmosfæren, og at det er variasjonar i vekselverkinga mellom atmosfære og hav. Men dei to siste åra har igjen gitt nye temperaturrekordar. Truleg vil 2016 også gje ny rekord.

Sigbjørn Grønås

Prof. em. meteorologi

Universitetet i Bergen