- Det er problematisk når vesentleg informasjon blir liggjande for lenge i ordførarens innboks, eller når informasjonen ikkje når ut i det heile, skriv Nils-Anders Nøttseter. (Arkivfoto)
- Det er problematisk når vesentleg informasjon blir liggjande for lenge i ordførarens innboks, eller når informasjonen ikkje når ut i det heile, skriv Nils-Anders Nøttseter. (Arkivfoto)

Kommunal balansekunst

At noko ikkje er ulovleg betyr ikkje nødvendigvis at det er klokt.

Takk vere lokal presse har eg blitt merksam på at Fylkesmannen har svart på kravet om lovlegkontroll i saka om stønad til Osfest. Eg har ikkje fått oversendt informasjon om dette av kommuneadministrasjonen slik fylkesmannen ber om i brevet sitt.

I brevet eg fekk kopi av frå Os & Fusaposten og Midtsiden (med to minutts mellomrom) konkluderer Fylkesmannen med at avgjerda er lovleg. Ordføraren har altså lov til å vera einaste administrative saksførebuar i saka, han har lov til å ikkje svara på spørsmål i formannskapet kring vesentleg informasjon han var kjend med på tidspunktet, og han kan samstundes nytta dobbeltstemma si til å avgjera saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dårleg forvaltningsskikk

Eg meiner det er dårleg forvaltningsskikk å gjera det på denne måten, og eg finn støtte for dette i vedlegget som Fylkesmannen sjølv viser til, ei uttale frå Kommunal- og regionaldepartementet frå 2008:

"Kommuneloven bygger på prinsippet og et skille mellom politikk og administrasjon. I dette skillet ligger at det er administrasjonens ansvar å sørge for at sakene er forsvarlig utredet før de legges fram for politikerne til behandling. Dette er likevel ikke til hinder for at ordføreren legger fram innstilling overfor formannskap/kommunestyre, med forslag til vedtak, når en sak er ferdig forberedt fra administrasjonen. Prinsippet vil imidlertid kunne bli uthulet dersom ordføreren går dypt inn i den administrative prosessen, og i realiteten opptrer som saksbehandler i enkeltsaker eller grupper av saker. Dermed kan ordføreren bli en aktiv premissleverandør på det som skal være rådmannens og administrasjonens arena. (...) Departementet vil understreke at dersom ordføreren kommer med innspill i forbindelse med administrasjonens innstilling, er det viktig at det kommer tydelig frem for det folkevalgte organet som skal treffe vedtak hva som er utarbeidet fra administrasjonens side og hva som er politisk innspill fra ordføreren."

I ordførarens innboks

Det er viktig at folkevalde som har ansvar for å forvalta kommunenøkonomien på best mogeleg måte kan ha tillit til saksførebuinga og at alle fakta er på bordet. Det er problematisk når vesentleg informasjon blir liggjande for lenge i ordførarens innboks, eller når informasjonen ikkje når ut i det heile. Mykje kommunikasjon i dag foregår også på SMS som kan vera vanskeleg å få innsyn i.

Denne saka er så viktig for meg fordi det er vesentleg for innbyggjarane si tillit til systemet at forvaltninga i kommunen er god, open og rettvis. Diverre vart pengane frå formannskapet sitt disposisjonsfond løyva heilt utan krav om rekneskap og rapport, slik Framstegspartiet og Høgre ville ha det. Så korleis akkurat denne halve millionen kommunale midlar er brukt av mottakarane ville ikkje posisjonen krevja å få vita noko om, trass i at eg påpeikte nett dette i handsaming av saka.

I følgje Fylkesmannen i Hordaland er framgangsmåten lovleg. Men klok forvaltning - det er det ikkje.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar

Miljøpartiet Dei Grøne Os