For å få ned utsleppa, må politikarane leggja til rette for at folk flest blir stimulert til å velja eit meir klimavenleg liv, meiner Nils Anders Nøttseter i MDG.
For å få ned utsleppa, må politikarane leggja til rette for at folk flest blir stimulert til å velja eit meir klimavenleg liv, meiner Nils Anders Nøttseter i MDG.

Korleis redusera eigne klimagassutslepp?

Alle på jorda kan ikkje bruka like mykje som ein gjennomsnittsnordmann. I så fall måtte me ha tre klodar til rådvelde, skriv MDG.

LESARBREV: Mange tenkjer på klima, og stadig fleire gjer mykje for å redusera eigne klimagassutslepp. Etter at ei gruppe starta «Bærekraftig liv på Landås» er det komne til mange liknande grupper i ulike deler av landet. Nyleg vart ei gruppe for berekraftig liv starta opp i Os.

På heimesida til Landåsgruppa for berekraftig liv står det: "I bærekraftig liv ønsker vi å løfte hverandre ut av handlingslammelsen og inspirere hverandre til lavere forbruk, naturvennlige handlinger, solidaritet i klimautfordrigen og gode fellesskapsløsninger". Dei siterer Mahatma Gandhi:"Du må bli den endringa du ynskjer å sjå i verda."

Artikkelen held fram under annonsen.

Klimagassutsleppa i Noreg svarer til eit årleg gjennomsnitt på rundt 11 tonn CO2 for kvar nordmann. Tek ein med importvarene me bruker og som fører til utslepp på grunn av produksjon i andre land og trekkjer frå utslepp frå eksporterte varer, er utsleppa på rundt 15 tonn per person. Me må ned på under ein tidel av dette innan 2050 for å kunna unngå ei global oppvarming på meir enn to grader. Korleis den enkelte av oss lettast kan redusera eigne utslepp vil variera. Nokre eksempel kan visa kva som monar mest.

Ein familie med bensinbil som dei køyrer 15.000 km per år, vil spara rundt 4.000 kg CO2 ved å skifta til elbil. Ein familie på fire som reiser på ferie med tog i Noreg i staden for på flyferie til Syden, vil spara rundt 6.000 kg. Ein vegetarianar sparer om lag 1.000 kg på eit år i høve til ein som et kjøt 5 gonger i veka. Ved å handla mindre klede og sko er det fullt mogleg å spara 1.000 kg CO2. Greier ein å redusera straumforbruket frå eksempelvis 40.000 kilovatt-timar (kwh) til 20.000 kwh sparar ein også rundt 1.000 kg.

Dette illustrer at det er mogeleg med relativt enkle tiltak å redusera utsleppa monaleg. Noko monar meir enn anna. For å sitera klimaforkjemparen Øystein Dahle: "Det hjelper lite å setja inn doble vindauge og skru ned temperaturen, om me bruker sparde pengar til å reisa langt vekk".

For å få ned utsleppa, må politikarane leggja til rette for at folk flest blir stimulert til å velja eit meir klimavenleg liv. Eit forslag kalla «Karbonavgift til fordeling» som Naturvernforbundet går inn for, legg opp til ei aukande avgift på klimagassutslepp som skal avsetjast i eit fond og bli betalt attende til oss alle med ein lik sum til kvar. Alle vil då tena på å leggja om til ein meir klimavenleg livsstil. Dei som bruker minst fossile brennstoff vil tena mest. Miljøpartiet Dei Grøne har teke opp forslaget, og det er å vona at fleire parti vil fylgja opp.

Nils-Anders Nøttseter

Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne