Karolines nye bil er bygd av bestefaren Håvard Gaassand.
Karolines nye bil er bygd av bestefaren Håvard Gaassand.

Køyrde inn til andreplass i ny bil

Første runde av Vestlandsmeisterskapen gjekk av stabelen i Vikedal i helga. Søskena Karoline og Kristian Breivik stilte sjølvsagt til start.

Karoline køyrde i rallycross-klassen over 2400 kubikkcentimeter, med sin nye bil som bestefaren, Håvard Gaassand, har brukt det siste året på å byggja. Det var fire bilar som stilte til start i denne klassen, og Karoline hadde bestemt seg for at alt betre enn 4. plass var ein bonus.

- Det er ein vanvittig stor forskjell å køyra bakhjulstrekk i forhold til framhjulstrekk. Eg har i nesten fem år utelukkande køyrd framhjulstrekkar, så eg må tenkja veldig annleis med køyrestilen i Volvoen med bakhjulstrekk. Dette er noko eg må jobba med mykje denne sesongen, men det går betre og betre dag for dag, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

To bilar i to cupar

Etter 1. tid, 3. tid og 4. tid i innleiande, fekk ho tredjesporet i A-finalen. I finalen blei det ein andreplass på Karoline, noko ho er godt nøgd med.

- Det kjem til å bli ein kanonsesong, kor eg kan køyra to bilar i to ulike cupar. Det kjem til å kosta pengar. Eg har framleis ledig sponsorplass på bilen, seier ho og smiler.

Hamna midt på treet

Kristian tevlar i bilcross junior med sin VW Golf 3, som har fått namnet "Kulo".

- I innleiande rundar hamna han på andre-, tredje-, og femteplass, og han fekk tredjespor i C-finalen. I finalen leia han ei god stund, men han hamna til slutt på 2. plass. Totalt blei han nummer 12 av 24 deltakarar, fortel Karoline.