Kjell Moberg gjer ein solid innsats for å sikra vidare drift av Garage i Bergen. Fredag spelar han og resten av gjengen i K-Jell på støttekonserten «7 dager i Garagen».
Kjell Moberg gjer ein solid innsats for å sikra vidare drift av Garage i Bergen. Fredag spelar han og resten av gjengen i K-Jell på støttekonserten «7 dager i Garagen».

Krafttak for Garage

- Garage er ein institusjon i Bergen. Det er klart me stiller opp for å redda denne plassen, seier Kjell Moberg.

Denne veka er Kjell Moberg og bandet hans «K-Jell» eitt av svært mange band som spelar gratis i rockekjellaren på Garage til inntekt for den segnomsuste utestaden i Bergen.

- Dette gjer me med glede. Garage er ein viktig kulturell møteplass for musikkfolk i og rundt Bergen. Me ville vore veldig mykje fattigare om denne plassen no hadde gått dukken, seier Os-rockar Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det er eit faktum at når ein reiser ut i den store verda, så er det eit par plassar utlendingane kjenner frå Bergen. Dette er ofte Bryggen, Fløyen, Fisketorget, Akvariet, fjell, fjordar og ikkje minst, Garage.

10-11 kjappe låtar

Etter at det vart allment kjent at Garage sleit økonomisk tok sentrale musikarar i Bergen initiativ til å arrangera støttekonsert for utestaden. Konserten er kalla «7 dager i arasjen» og starta måndag kveld denne veka.

- Det er svært mange gode band som stiller opp. Faktisk er det mange fleire som gjerne ville gjort ein innsats, men som ikkje fekk vera med, fortel Moberg.

Moberg var initiativtakar til samleplata «Christiesgate 14» som kjem ut i starten av april.
Moberg var initiativtakar til samleplata «Christiesgate 14» som kjem ut i starten av april.

Han og resten av gjengen i K-Jell går på scenen fredag kveld.

- Me får 40 minutt. På den tida rekk me 10-11 kjappe låtar med punk-rock, seier Moberg.

Blant andre band som er med på støttekonserten er legendariske Pompel & The Pilts, Spellemannpris-grossistane i Enslaved, Hvitmalt Gjerde, Hjerteslag, Blood Command, Bjørn Hellfuck og mange fleire.

- Med Bjørn Bøthun og Jan Tore Finnema blir me fleire osingar som entrar scenen denne veka. Dei gjer comeback med The Weekenders i lag med Roar Ruus Finsås.

Elles spelar osingen Torkjell Rød med gamlebandet Sylvia Wayne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I front for plate

Kjell Moberg gjer også meir for å redda den historiske utestaden. For litt sidan tok han initiativ til å samla ei rekkje kjente bergensartistar på plate og gje inntektene av salet uavkorta til Garage. Plata er kalla «Christiesgate 14».

- Det er ei dobbel vinylplate med medfølgjande CD. Plata skulle eigentleg vore i trykken, men ettersom det no er blitt så hipt med vinyl igjen, kjem han ikkje til å vera ferdig trykt opp før i starten av april, fortel Moberg.

Plata er finansiert av ei rekkje næringslivsbedrifter i Bergen og omegn, også Fløysand Tak AS, Bohus Nordås AS (Kolskogen) og Universal Logistics Berge AS (Holtbrekka 7) frå Os har bidrege til prosjektet.