Marthe Næss Andersen, inntakssjef Nils Skavhellen, forlagsredaktør Jo Gjerstad, faglærar Joy Kvamme, Ingvar Nistad og Annika Svendal Os.
Marthe Næss Andersen, inntakssjef Nils Skavhellen, forlagsredaktør Jo Gjerstad, faglærar Joy Kvamme, Ingvar Nistad og Annika Svendal Os.

Kreative Fusa-elevar fekk premiar

Elevar ved Fusa vidaregåande har nærast gjort det til ein vane å få pryda framsida på utdanningskatalogane frå fylket.

Elevane i 10. klasse i Hordaland har nyleg fått Søkjarhandboka 2017 i postkassen. Framsideillustrasjonen på katalogen er teikna av ein av elevane på Fusa vidaregåande skule. Til sommaren kjem eit liknande hefte, den såkalla Inntakskatalogen. Der vil framsida vera laga av ein annan elev i same klassen.

Særeige mønster

Framsida på Søkjarhandboka er designa av Marthe Næss Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Marthe har vore på vestsida av skulen og fotografert nokre av trea der, etterpå har ho arbeidd vidare og gitt trea eit særeige og nøye utført mønster, fortel lærar Ingvar Nistad.

Framsida til Inntakskatalogen er det Annika Svendal Os som har utforma. Ho har òg vore på vestsida av skulen med eit fotoapparat. Der har ho stilt opp ei rekkje med glas; kvart glas har innhald med ulik farge.

- Det blir ei framside som er open for ulike tolkingar, kommenterer Nistad.

Søkjarhandboka og dei to vinnarbileta.
Søkjarhandboka og dei to vinnarbileta.
Jo Gjerstad framfor dei ulike utkasta til framsider.
Jo Gjerstad framfor dei ulike utkasta til framsider.

Begge elevane går studieretninga KDA (Kunst, design og arkitektur). På Fusa vidaregåande skule er det KDA-elevane saman med TAF-elevane som siktar seg inn mot vidare utdanning på høgskular og universitet.

4.000 kvar

Inntakskontoret sine konkurransar vert lyste ut kvar haust. Begge vinnarane får 4.000 kroner. I tillegg gjer inntakskontoret stas på vinnarane ved å senda ein liten "delegasjon" til skulen for å dela premiane.

- Her skal ikkje stikkast under ein stol at elevar frå skulen i Eikelandsosen fleire gonger har teke heim begge premiane, legg Nistad til.

I år fekk skulen besøk av inntakssjef Nils Skavhellen og forlagsredaktør Jo Gjerstad. Etter den høgtidelege overrekkinga av premiane, vanka det brus og pizza på vinnarane, gjestene og dei andre elevane.