Kul oppleving i Baku

Ariel Braathen fekk ein real forsmak på OL i European Games i Baku. No gler ho seg til NM på heimebane.

 

Nyleg kom Ariel Braathen heim frå European Games i Baku i Azerbaijan. Både resultata og opplevinga var vel verdt turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var utruleg moro å få vera med på eit så stort sportsarrangement. Eg føler verkeleg eg fekk ein forsmak på det å delta i eit OL, seier Ariel, som for mange år sidan sette seg som mål å bli OL-deltakar i symjing.

Ny personleg rekord

I konkurransen i Baku gjorde 16-åringen tre gode konkurransar i brystsymjing. Best gjekk det på 200 m.

- I forsøket symde eg inn til ny personleg rekord med tida 2,32,66. Det er om lag tre sekund raskare enn min gamle rekord, fortel søftelendingen.

Med den sterke tida kvalifiserte ho seg som sjette jente til finalen.

- I finalen gjekk det litt treigare. Dermed vart eg nummer sju, fortel ho.

På favorittdistansen 100 m gjekk det også raskast i forsøket. I semifinalen var ho om lag eitt sekund for sein til å kvalifisera seg til finalen.

- Både på 50 m og 100 m føler eg at eg har meir å gå på. Men eg kom meg til semifinalane i desse øvingane, og det er eg bra nøgd med, fortel Ariel.

Tittel-forsvarar

Komande laurdag er Ariel klar for langbane-NM på heimebane i AdO Arena i Bergen. På 50 m er ho tittelforsvarar. På 100 og 200 m er ho utfordrar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er realistisk å håpa på medalje i alle tre øvingane, men om eg går heilt til topps, står att å sjå. Formen er i alle høve bra, og eg gler meg til å tevla på heimebane, seier Ariel.