annonse

Arrangerer ny konsert

Konsert for ungdom
Konsert for ungdom: Frida Solheim (15) og Lilly Mae Grønvigh (16) er to av arrangørene av konserten for ungdom fredag 12. januar i Nesjaheimen på Vinnes. (Foto: Camilla Kvamme)

For andre gong på tre månader, inviterer dei unge musikarane Frida Solheim og Lilly-Mae Grønvigh til konsert.

Benjamin Søgnen Olsen

11. november i fjor inviterte jentene, i regi av UROF – Ung Rock i Os og Fusa, til konsert for ungdom, med ungdom. Konserten fann stad i Os rockeklubb. Dette var den første konserten jentene arrangerte. Då Os og Fusaposten snakka med dei i november, sa dei at dei håpa på å få arrangera ein konsert i Fusa også. Det skulle ikkje gå meir enn tre månader før dei fekk det til.

– Kven er det som arrangerer?

– Det er Lilly Mae Grønvigh og eg, i tillegg til seks andre ungdomer. UKM Fusa og Fusa ungdomsråd er også med, seier Solheim og legg til:

– Vi arrangerer i Fusa Rockeklubb i Nesjaheimen på Vinnes. Konserten går av stabelen fredag 12. januar.

Banda som skal spela er Sleepwalkers, Perpleks, The Potatoes, The Blooming Bruises og Los Hipsters.

– Vi skal også ha jamsession etterpå. I crewet er dei same som sist gong, og det er sjølvsagt gratis å koma inn.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut