annonse

Aurora debuterer som regissør

Debut
Debut: Artisten Aurora har debutert som regissør. (Foto: Arkiv/Benjamin Søgnen Olsen)

Det er bergensbandet «Evigheten» som har hyra Aurora til å regissera deira første musikkvideo.

Benjamin Søgnen Olsen

Det skriv Bergens Tidende.

– Vi synest det er utruleg kjekt at Aurora ville debutera som regissør til ein av våre låtar. Det var veldig lærerikt å jobba med ho, og ho var dyktig og profesjonell i rolla som regissør, fortel bandet til Bergens Tidende.

«Eksistensen»

Vidare skriv BT at Aurora har regi på videoen til låten «Eksistensen», som blir sleppt i vår.

Det skjer mykje kring artisten for tida. I fjor haust sleppte ho sitt andre album. I desember var lysefjordingen på Bergen Kino for å visa fram dokumentaren Once Aurora, saman med osing og regissør Benjamin Langeland i Flimmer Film.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut