Aurora skal opptre på Coachella i april.
Aurora skal opptre på Coachella i april.

Aurora er booka til storkonsert

I natt blei programmet til den store musikkfestivalen i USA, Coachella, sleppt. Aurora er ein av artistane.

Musikkfestivalen blir arrangert kvart år i ørkenen utanfor Colorado. Aurora er del av eit stort artistprogram, som mellom anna inkluderer Eminem, The Weekend og Beyonce, i tillegg til andre store, lokale namn som Kygo og Alan Walker.

I februar og mars skal Aurora ha fleire konsertar. Frå 26. februar til 1. mars skal ho opptre i Silent Green i Berlin, Hoxton Hall i London, Melkweg i Amsterdam og Badaboum i Paris.