Eirik Søfteland fekk æra av å avslutta årets festival.
Eirik Søfteland fekk æra av å avslutta årets festival.

Avslutta Osfest med eit smell

Osfest 2018 er over. Eirik Søfteland med pyroshowet sitt gav festivalen ei verdig avslutning.

Etter at Vanja V, Endre Nordvik, Tone Damli og Morten Abel i tur og orden hadde kome og forlate scenen på grusplassen, var det Staut sin tur. Folkrock-bandet frå Valdres opna forrykande og heldt oppe tempoet gjennom heile innslaget. Det var fleire store namn på plakaten, dei fleste tilreisande, likevel var det nok mange i publikum som venta og gledde seg til fyrverkeriet Eirik Søfteland skulle på scenen. Mannen med det lange håret såg ut til å kosa seg like mykje på scenen som publikum gjorde på grusplassen. Det var høgt tempo frå start til slutt med nokre eigenproduserte låtar og fleire coverlåtar. I skrivande stund er Søfteland i ferd med å runda av dei par siste låtane av årets festival, og primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland, verka vera strålande nøgd med festivalen.

– Vi har knekt ein kode. Då Kurt Nilsen og Gabrielle lagde eit forrykande liv på grusplassen i 2015, var det mykje folk – men både Gabrielle og Kurt kom ikkje på før seint på kvelden. Tidlegare på kvelden var det mykje færre folk enn vi hadde både i år og i fjor, seier Hylland og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fredag og laurdag har det vore stort publikum frå rundt klokka 21 og utover.

Så mange var innom

Hylland meiner at det var om lag like mange publikumarar fredag og laurdag, men nokre frivillige som overhøyrde det han sa, var ueinige.

– Har du sett kor mykje folk det er på plassen no? Det er mange fleire enn i går, seier ein frivillig som sit like ved.

Staut.
Staut.

Jarle Drange Hylland hadde kontroll på kor mange billettar som var skannet og kunne fortelja at det blei skannet 650 dagspass fredag og 715 laurdag. Talet todagarspass er 560.

– Det er i realiteten litt fleire enn som så. Ein del av publikumarane fekk festivalbandet rett på handa og det er i tillegg ein del gjester på gjesteliste som ikkje er med i teljinga, fortel Jarle Drange Hylland.

Vidare fortel Tor Egil Hylland at det er normalt at festivalar tel publikum ved å stå på scenen og speida utover festivalområdet. Det har dei også gjort på Osfest tidlegare, og såleis har dei ikkje kunne gje eit like nøyaktig tal som dei kan i år.

– Det kan henda at det er ny rekord i talet frammøtte. Det er 94 prosent av dei som har kjøpt billett som har kome på festivalen. Dei fleste festivalar ligg kring 90 prosent. Det gjorde vi også då vi hadde Marcus og Martinus her i 2016, tru det eller ei.

Det blir spanande å sjå korleis Osfest 2018 kjem ut økonomisk i forhold til dei føregåande festivalane. Hylland er i alle fall positiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hjelper garantert på at vi har klart å få folk til området tidlegare på kvelden enn kva vi gjorde dei første åra, seier Hylland.