Torsdag hang komikar Christoffer Schjelderup opp plakatar i Os. Fredag står han på scenen i Oseana med framsyninga «Tro, Håp og Ærlighet».
Torsdag hang komikar Christoffer Schjelderup opp plakatar i Os. Fredag står han på scenen i Oseana med framsyninga «Tro, Håp og Ærlighet».

Dreiv sjølvpromotering i regnet kvelden før kvelden

Christoffer Schjelderup gler seg stort til å stå på scenen framfor osingane i morgon. I regnet torsdag var han rundt om i bygda for å hengja opp plakatar.

– Det er eit veldig stort apparat kring meg, som du ser, seier Schjelderup og ler.

I januar var komikaren på Catten for å testa ut showet Tro, Håp og Ærlighet. I morgon står han på scenen i Oseana med det same showet, som har fått strålande kritikk med mellom anna ein femmar frå BT, BA og Bergensmagasinet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er første gong eg reiser rundt i så stor skala som no. Det er kjekt å koma tilbake til Os og spesielt å få stå på scenen i Oseana, seier han og held fram:

– Eg er frå Fana, feil side av fjellet, som osingane meiner at det er. Når eg står på scenen i Os og seier «jeg», så har det hendt at eg får passet mitt påskrive. Då kjem det gjerne frå salen: «Det heiter eeeg». Då kjem det ein replikk i retur, og så er vi i gang. Eit godt nabohat som aldri blir alvorleg.

Ingen tema er tabu

I samband med framsyninga fredag, var komikaren i Os for å få på plass ein del utstyr til showet. Han brukte også litt tid på å gå og hengja opp plakatar i regnvêret.

Schjelderup har vore mykje i Os seinast i januar på Catten med prøveshow for framsyninga han no kjem med til bygda.
Schjelderup har vore mykje i Os seinast i januar på Catten med prøveshow for framsyninga han no kjem med til bygda.

– Regn bryr eg meg ikkje om. Vi er jo vestlendingar. Dette er vi vane med, seier Schjelderup.

Etter suksess med «BergensBølgen» (Ole Bull Scene), «Latter Live» (NRK) og fleire show rundt om i landet, blir «Tro, Håp og Ærlighet» Schjelderup si første solo standup framsyning. Ingen tema er tabu og ingen er skåna frå å bli tulla om eller med. I framsyninga snakkar han om vitskapen, menneske som trur og det å mista trua på seg sjølv.