annonse

- Eg har hatt 12 fantastiske år!

: - Eg har hatt 12 fantastiske år!, sa Hans S. Vindenes i Fusa senioruniversitet tysdag 30. august (Foto: Laila Stabell)
: Hans Vindenes viste kor lite ein kommune kan bestemma over, fordi staten, interkommunalt samarbeid og fylkesmannen har så mykje dei skulle sagt i det kommunale stellet.

Hans S. Vindenes nesten jubla for ein fullsett sal tysdag 30. august då Fusa senioruniversitet gav han podiet for å fortelja om sine opplevingar som ordførar.

Med sine 12 år og 6 dagar, held han rekord som lengstsitjande ordførar i Fusa.

Vindenes byrja med nokre av sine viktigaste erfaringar i stillinga.

- Eg vart vist ein enorm tillit

frå innbyggjarane som ordførar. Mange var veldig opne ovanfor meg, og eg blei tidleg klar over at eg måtte passa meg for kva eg sa.

Det var noko han ikkje var heilt van med, forsto me, sidan han kalte seg sjølv "nokså laus i kjeften".

Han fekk også oppleva at mange ber ordføraren om hjelp. Det hadde tydelegvis gledd han, når han kunne vera til hjelp for å få ting i hamn. Som ein hadde sagt ein gong: "Ordøraren har smurt i gang maskineriet",

- Men, sa Vindenes.

- Ein ordførar skal ikkje ta æra av eit vellukka prosjekt. Det skal

dei gjera som eig prosjektet!

Ein ting hadde overraska han, og det var haldninga blant befolkninga ovanfor det offentlege. Den kan i visse høve vera nokså negativ, hadde han opplevd. Han nemnde til dømes ein telefonsamtale han var vitne til, der ein kommunetilsett blei utskjelt om alt som kommunen gjorde feil. Men ei slik svartmåling vil ikkje Vindenes vera med på.

- Dei tilsette gjer ein fantastisk jobb for deg og meg, var hans kommentar til dei som ikkje veit kor mange dyktige og hardtarbeidande tilsette som arbeider i

administrasjonen.

Noko han sterkt tilrår ein ordførar å passa seg for, er mediemakta. Han peika på fleire døme der NRK eller Bergens Tidende hadde plukka ut ei setning av ein større samanheng, og dermed skapt eit feil bilete av det han hadde gitt uttrykk for. Berre ei kort overskrift - «Nok er nok» - over eit intervju om visekongen hadde skugga over at han meinte det hadde vore eit fantastisk prosjekt.

Problemet hadde heldigvis ikkje vist seg i Os og Fusaposten sine spalter. Der meinte Vindenes at samspelet hadde vore bra.

Om store augeblikk

Det mangla ikkje på hendingar i tida som ordførar som Hans Vindenes hadde opplevd som store augeblikk. Han nemnde Fusa sitt 150-årsjubileum i 2005, Grunnlovsjubileet i 2014, siste reis for båtane som hadde lege i fjorden ved Bergegrend, opning av Moshovdatunellen i 2009, og direktevalet som ordførar i 2007, der han fekk 51% av stemmene.

Her fekk Bygdelaget i Bergegrend ros for å ha stått på. Ildsjelar hadde klart å samla dei rette folka for å løysa eit vanskeleg spørsmål. Og Fusa Kraftlag og Frank Mohn Fusa AS som hadde lagt mange millionar på bordet til forskottering av den viktige tunellen og andre vegprosjekt i kommunen.

Om viktige enkeltsakar

Ved sida av eit knippe store investeringar, i skule (Søre Fusa), idrett ("med stor innsats og dugnad") og pleie og omsorg ("Kjersti Toppe blei mektig imponert"), nemnde Vindenes andre viktige enkeltsakar som hadde oppteke han.

Vindenes minna om korleis den politiske diskusjonen på regionalt plan hadde utvikla seg om transport dei siste 10 år. Denne hadde byrja i 2005 med Ekspressvegen 134, med arm til Bergen. Då var det liten interesse for den fergefrie stamvegen. Det enda likevel i 2015 med fergefri veg frå Aksdal til Osøyro med bru over Bjørnefjorden.

- Kvifor tapte me den kampen, spurde Vindenes retorisk.

Han gav sjølv svaret.

- Berre kommunane Odda, Jondal og Fusa var verkeleg engasjert i det indre alternativet via Fusa.

Hans Vindenes rista på hovudet over måten regjeringa har handtert endringa av kommunestrukturen.

- Norge er moden for ei reform på dette feltet, sa han.

- Men dei har bomma så totalt på hoppkanten.

Reforma skulle skaffa meir lokaldemokrati. Men det som skulle visa regjeringa si handlekraft, blei fremja med sterke påstandar, og det heile rann ut i sand, meinte Vindenes.

- Målet er blitt borte, sa han.

På storskjermen viste han kor lite ein kommune kan bestemma over, fordi staten, kommunale AS, interkommunalt samarbeid og fylkesmannen har så mykje å seia over det kommunale stellet.

Vindenes minna også om alle overskriftene om Fusa kommune si økonomi i Os og Fusaposten.

- Fusa er ikkje så fattig som me skulle tru, meinte han.

- Og kommunen har gode tenester til innbyggjarane.

Han oppsummerte ei rekkje statlege tiltak som har forverra den økonomiske situasjonen for Fusa monaleg. Under hans styre har kommunen redusert drifta med mange millionar og innført eigedomsskatt for å bøta på problema.

Likevel kan Fusa skryta av ein veldig god plass på kommunebarometeret, sa gamleordføraren.

- Me er i toppen på landsbasis på fleire felt!, sa han nøgd, og skrytte av ein "fantastisk innsats av tilsatte i pleie og omsorg og skule, som gjer dette resultat mogleg.

Om skulesaka i Fusa viste han seg nokså skuffa, som venteleg er siden hans parti sto for noko heilt anna enn det som kom ut av "skulevalet" i 2015. Hans syn er at ei stukturendring blir mislukka dersom ho kjem som ein del av budsjettet.

- Skulestrukturen må koma som resultat av ein prosess, kor kjente kriterium ligg til grunn, altså innanfor Kommuneplanen, la han til.

Ny logo

Leiar i Fusa senioruniversitet, Eli Dalland, takka Hans Vindenes på vegne av deltakarane for eit særs interessant foredrag.

Så presenterte ho den nye logoen for senioruniversitetet, trykt på eit krus.

"For interesserte i alle aldrar", står det under ei teikning av årringar i eit tre. Synnøve Brendehaug, elev ved Fusa vgs, har laga designet.

Så fekk ordføraren 'i 12 år pluss 6 dagar' sitt krus, og me håpar også han vil delta i senioruniversitetet sine møte.

Bjørghild des Bouvrie

Fusa senioruniverisitet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut