Nikolai Astrup måla bygda i alle avskuggingar; til alle årstider, natt og dag, i all slags ver. Han måla det nære og kjende, og gjennom bileta sine synte han at han kjende både folkelynne, segner, tru og livet i Jølster.
Nikolai Astrup måla bygda i alle avskuggingar; til alle årstider, natt og dag, i all slags ver. Han måla det nære og kjende, og gjennom bileta sine synte han at han kjende både folkelynne, segner, tru og livet i Jølster.

Ei vandring i Astrup sitt rike

Måndag gav Jarle Helgheim over 160 frammøte i Os Senioruniversitet eit innblikk i - som han sjølv sa - korleis bygdefolket i Jølster hadde sett og ser på kunstnaren Nikolai Astrup.

Faren var skeptisk til at Nikolai skulle bli målar. Han ønskte at sonen skulle ved Guds hjelp bli ein god prest! Men trass i faren sin forventingar, så var det kunstmålar han blei, Nikolai Johannes Astrup, eitt av dei 14 borna til Petra Constance og Christian Astrup.

Det fyrste måleriet

Nikolai Astrup vart fødd i Bremanger i 1880, men allereie som treåring flytta han med familien til prestegarden i Jølster, til bygda som for alltid skulle bli knytt til namnet hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fekk ei streng oppseding, men når han vart presentert for tanken om å bli prest, så sa han allereie tidleg at han ville bli målar eller plassmann. Og han vart begge delar!

Det første biletet han måla var på stabbursveggen heime: Ein stor, fargerik hane!

Borna i bygda måtte opp og sjå på dette særsynet når dei var med til gudsteneste i kyrkja. Astrup må ha likt hanen, for då han seinare busette seg på eigen gard, seinare kjend som Astruptunet, måla han ein stor hane på ein av uthusveggene.

Jarle Helgheim som mellom anna er ein kjend naturfotograf, tok oss gjennom lysbilete med på ei reise i Jølster gjennom alle årstider.
Jarle Helgheim som mellom anna er ein kjend naturfotograf, tok oss gjennom lysbilete med på ei reise i Jølster gjennom alle årstider.

Såg geniet i han

Det første biletet vart måla med husmåling, men læraren hans, som såg geniet i han, hjelpte til slik at han fekk god måling. Læraren vart òg ein god støttespelar for Nikolai på vegen til å bli kunstnar.

Som nittenåring drog Astrup til Oslo og fekk teikneundervising, og etter ei tid fekk han undervisning av Harriet Backer i to år. Ho såg eit stort potensiale i han. Seinare reiste han til Hamburg og til Paris der Christian Krogh ei tid var læremeister for han.

I denne tida henta han òg inspirasjon frå europeisk målarkunst, m.a. van Gogh sin kunst, og frå orientalsk kunst, særleg japansk.

Med utstillingar i Kristiania i 1905, i Bergen i 1908 og igjen i Oslo i 1911 vart han etter kvart kjend som den store målaren frå Vestlandet. Då hadde han òg - i 1907 - gifta seg med ungjenta Engel frå heimbygda. Ho var ikkje fylt 16 då dei gifta seg, men han sto framfor ei reise til London og ville sikra seg henne før han fór! Saman fekk dei 8 born.

Kunstnaren med mold på hendene

Uansett utanlandsreiser, så vart det i heimbygda si han utfalda seg som målar. Og det er naturen i heimbygda og folkelivet der, som vart motiva i bileta hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han måla bygda i alle avskuggingar; til alle årstider, natt og dag, i all slags ver. Han måla det nære og kjende, og gjennom bileta sine synte han at han kjende både folkelynne, segner, tru og livet i Jølster.

Han traska rundt i bygda og i fjella rundt og fann stadig motiv som han festa på lerretet. Og folk i bygda kjende både seg sjølve og naturen att i kvart einaste bilete.

Han hadde ein levande fantasi og såg levande vesen både i fjella og i det som voks i naturen. Og på sitt eige tun vart han oppteken av alt som voks og grodde rundt husa. Sjølv det å saga ned ei bjørk, gjorde han vondt. Han fekk oppnamnet Kunstnaren med mold på hendene!

Smålåten mann

Helgheim skildra Astrup som ein smålåten mann med høvisk framferd. Han tenkte berre på å måla, lite på å selja, så han vart aldri rik. Han såg eit liv og bankande hjarte bak alt i naturen.

I dei tidlegaste åra såg bygdefolket på han som ei utskeiing, men han vart meir og meir ein av dei. Og då han døydde, berre 47 år gamal, skjøna bygda til fulle kva dei hadde mista. Det vart bygdesorg, og kommunen bad om å få kosta gravferda - noko som aldri elles har skjedd, verken før eller sidan!

Han vart som lys levande heile dalen sitt eventyr, og enda meir etter at han døydde.

Jarle Helgheim som mellom anna er ein kjend naturfotograf, tok oss gjennom lysbilete med på ei reise i Jølster gjennom alle årstider.

- Slik har Astrup sett bygda, hevda han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det var ikkje vanskeleg å skjøna at den både vakre og dramatiske naturen må ha virka inn på ei kunstnarsjel. Ekstra interessant var det når eit lysbiletemotiv glei over i eit bilete måla av Astrup frå same staden!

Vi kunne sjå korleis målaren bokstaveleg tala med kunsten sin hadde gått rett inn i naturen.

- Nikolai Astrup lærde oss i bygda å sjå, hevda foredragshaldaren.

Gjennom bileta sine løfta han bygda og bygdefolket fram. På dette viset gjekk faren sitt ønske likevel i oppfylling: Han vart likevel av Guds nåde ein stor forkynnar.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet