Martin Borge, Myrna Braza, Tore Christer Storlid og Thomas «Tomtom» Haugland. I bakgrunnen er kaptein Jens Joachim Hiorth.
Martin Borge, Myrna Braza, Tore Christer Storlid og Thomas «Tomtom» Haugland. I bakgrunnen er kaptein Jens Joachim Hiorth.

– Ein rar, men fantastisk plass å spela musikk

Nokre par sit heime og ser på TV om laurdagskvelden, andre er husband på Statsraad Lehmkuhl.

– Dette har vi vore så heldige å få lov til å gjera i tre år no. Det er heilt fantastisk. Eg tør ikkje tenkja på at det skal ta slutt ein dag. Vi er med så lenge dei ønskjer å ha oss med, seier Myrna Braza.

I 2015 danna Braza og sambuar og osing Thomas «Tomtom» Haugland Oh Snap! saman med Tore Christer Storlid og Martin Borge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit av dei beste vala Thomas og eg har teke opp gjennom åra. Vi ønskte noko som berre var moro. Underhalda for å ha det kjekt. Vi var gira på å spela meir enn det vi alt gjorde, og sat oss ned for å finna ut kva det skulle vera. Slik blei Oh Snap! til, fortel Braza.

Finst ikkje dårleg vêr

Sidan har dei spelt på Tysnesfest, Osfest, Det Norske Teatret i Oslo, på Geilo nyttårsaftan og Hansadagane, for å nemna noko. Dei har også spelt i mange bryllaup, på julebord og andre arrangement. Det kjekkaste av alt, er nok avtalen dei har med Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl.

– Vi har ingen avtale på papiret, men vi har spelt om bord sidan 2016. Dei tek kontakt ved høve, og vi stiller sjølvsagt alltid opp. Det er ein rar, men fantastisk plass å spela musikk – om bord på eit av verdas største seglskip. Vi er ute på havet og spelar musikk og kan underhalda folk som kosar seg med herleg utsikt, reker og øl. Vi er heldige, seier Braza.

Med eit godt repertoar av cover-låtar, syt Oh Snap! for god stemning på Lehmkuhl.
Med eit godt repertoar av cover-låtar, syt Oh Snap! for god stemning på Lehmkuhl.
I strålande sol og flott sommarvêr er det fantastisk å spela musikk, men Myrna Braza legg ikkje skjul på at det kan vera utfordrande å spela i pøsande regnvêr som kjem sidelengs inn på bandet.
I strålande sol og flott sommarvêr er det fantastisk å spela musikk, men Myrna Braza legg ikkje skjul på at det kan vera utfordrande å spela i pøsande regnvêr som kjem sidelengs inn på bandet.

– Kva gjer de om det regnar?

– Då går vi litt tettare inntil taket, seier Braza og ler.

– Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede. Det har vore skikkeleg dritvêr, slik at det regna sidelengs inn på alt av utstyr. Det opplevde vi då vi var med Lehmkuhl til Stavanger. Det blei interessant, kan du seia. Det blei hengt opp forheng på sidene for å skjerma oss litt. Det er ordentleg kaldt nokre gonger, slik at det svir på fingrane og det går ut over stemma mi. Men det er berre til å køyra på og kosa seg.

Ei spesiell oppleving

Stiftinga tok kontakt med bandet etter å ha vore på releasekonserten til Braza på Lille Ole Bull, og etter å ha sett Oh Snap! opptre på festivalen 100-Dagar på Stord.

– Vi blei spurt i etterkant av festivalen på Stord, og sidan har vi spelt på Lehmkuhl. Vi er blitt godt kjende med skipet og med mannskapet. Det gjer det ekstra trist om opplegget ein dag tek slutt, seier Braza.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste spelejobben på Lehmkuhl, før seglskipet reiste til Orknøyene, var St. Hansaftan.

– Det var ei heilt spesiell oppleving. Vi var med då Lehmkuhl segla saman med «Sørlandet» og «Christian Radich». Vi kan seia at vi spelte på Lehmkuhl då dei tre segla saman igjen for første gong sidan 1986. Det er stort for oss, seier Braza.