Eirik Søfteland kjem med sitt første album i september – to år etter at albumet blei ferdig mastra. Osingen har også skifta artistnamn til Sipher.
Eirik Søfteland kjem med sitt første album i september – to år etter at albumet blei ferdig mastra. Osingen har også skifta artistnamn til Sipher.

Eirik “Sipher” Søfteland har knekt koden

Det å leva utelukkande av musikken, er det få artistar i Noreg som får til. Det har til tider vore tøft økonomisk for Eirik Søfteland også, men no ser det lysare ut – og debut-albumet er endeleg på trappene.

– 2017 var det beste året økonomisk så langt, men eg har alt spelt inn like mykje i år som eg gjorde i heile fjor. Det går bra og eg kan endeleg leva skikkeleg av musikken. Tidlegare har det stundom vore slik at om eg fekk inn litt pengar, så kunne eg betala ei rekning som hadde lagt ei stund, for så å vera blakk i eit par veker og eta middag hjå svigermor, seier Eirik Søfteland og smiler.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ifølgje Søfteland mange artistar som har ein jobb utanom for å få hjula til å gå rundt.

– Det er svært få i Noreg som lever utelukkande av å vera artist. Dei aller fleste ein høyrer om har ein jobb utanom. Det er vanskeleg å få det til å gå rundt.

– Det let skikkeleg dårleg

Då vi trefte Søfteland til lunsj på Havnechefen, var det over to år sidan me først avtalte å skriva om debutalbumet.

Eirik Søfteland liker seg på Havnechefen. - Det har blitt nokre smørbrød og burgarar her, seier Søfteland og smiler.
Eirik Søfteland liker seg på Havnechefen. - Det har blitt nokre smørbrød og burgarar her, seier Søfteland og smiler.
Sipher avslutta Osfest 2018 med stil.
Sipher avslutta Osfest 2018 med stil.
Det var eit stort publikum som fekk med seg osingen på scenen under Osfest.
Det var eit stort publikum som fekk med seg osingen på scenen under Osfest.
Eirik Søfteland seier at det å opna Osfest 2014 og det å avslutta årets festival, var to heilt ulike opplevingar.
Eirik Søfteland seier at det å opna Osfest 2014 og det å avslutta årets festival, var to heilt ulike opplevingar.

– Kvifor har det teke så lang tid?

– Eg har betalt for albumet sjølv, og om ein skal gjera det skikkeleg, blir det mykje pengar ut av det. Det er fleire grunnar til at det tok tid. Eg brukte to år, frå 2014 til 2016, på å laga ferdig og mastra albumet. Leif Herland, som eg har kjent i alle år, og eg, har laga låtane, saman med Ylvis-produsent Lars Bleiklie Devik. Leif jobbar ein del i Apollon, og eg fekk ein avtale med dei om å gje ut albumet under deira distribusjon. På hausten i fjor jobba me knallhardt for å kunna sleppa albumet i juni i år, fortel Søfteland.

Albumet kjem sjølvsagt ut på vinyl, men då den første testpressa var klar, fekk Søfteland seg ei overrasking.

– Det let skikkeleg dårleg. Trykkeriet hadde gjort ein elendig jobb, og dei brukte lang tid på å svara for seg. Det er eit stort firma, som har trykt haugevis med album, men dei nærast fråskreiv seg ansvar. No har dei lova å levera slik at vi kan få gitt ut albumet 21. september. Eg har ikkje noko anna val enn å stola på dei og kryssar fingrane for at det læt bra.

Eirik Søfteland liker seg på Havnechefen. - Det har blitt nokre smørbrød og burgarar her, seier Søfteland og smiler.
Eirik Søfteland liker seg på Havnechefen. - Det har blitt nokre smørbrød og burgarar her, seier Søfteland og smiler.

Osfest for andre gong

Det er berre dagar sidan Søfteland avslutta Osfest 2018. Sist ut i 2018 og først ut i 2014 – to ganske så ulike opplevingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då vi gjekk på scenen laurdag, var det med litt ærefrykt. Alle før oss hadde vore så flinke. Då måtte vi levera også. Eg hadde med ein ekstra person i bandet, Tone Lonar, så på det meste var vi fem som song. Det gav ein ekstra dimensjon. Det å vera sist ut seint på kvelden på ein festival er ei utfordring. Vi må jobba for å halda liv i publikum, og det følte eg at vi klarte. Kanonkjekt at det var så mykje folk, seier Søfteland og held fram:

– I 2014 var det ei heilt anna oppleving. Det var langt frå like mange i publikum. Det var lyst ute og ganske laber vorspiel-stemning. Det var så mange faktorar som løfta årets oppleving. Eg hadde mitt eige band med kompisar eg har kjent i årevis. Men, det vil ikkje seia at det ikkje var bra på Osfest i 2014. Eg kosa meg då også.

Byta artistnamn

Det er ein ting til som har gjort at det har teke litt tid med debutalubmet, nemleg artistnamnet.

– “Eirik Søfteland på turné i Tyskland”. Då hadde eg gjort det vanskeleg for meg sjølv, seier Søfteland.

For målet er å slå gjennom på den ”store scenen”. Med artistnamnet Sipher, meiner Søfteland at høva for å slå gjennom er mykje større.

– Eg spelar rock – melodisk og progressiv. Det er eit smalare publikum, og ikkje noko for kvarmannsen. Om eg berre hadde spelt Sipher-musikk på Osfest, ville det ikkje fungert. Det blir litt spesielt for ein del. Publikum for denne type musikk er ikkje så stort i Noreg, men om eg lukkast til dømes i Tyskland, med 80 millionar innbyggjarar, er det ein mykje høgare prosent av folket som høyrer på denne musikken – kanskje prosentvis like mange som det er innbyggjarar i Noreg. Då snakkar vi, seier Søfteland.

{{imageLeft}}

Varmt diktaturskap

Sjølv om Eirik Søfteland har skifta artistnamn, er han framleis ein soloartist, men han har med seg det same bandet på alle konsertane og spelejobbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg liker at folk ser på oss som eit band, men eg leiger dei inn og betalar dei for jobbane. Eg betalar dei hyre, og prisen er sett av musikaranes fellesorganisasjon. Det er ingen lovverk som seier kor mykje dei skal ha, men eg vel å følgja retningslinjene, noko ikkje alle gjer. Det er eit varmt diktaturskap, seier Søfteland og ler.

Ikkje viktig med pokalar og titlar

No er det berre ein månad til albumet Atlas blir sleppt. Debutsingelen fekk strålande kritikk og ein femmar av Bergens Tidende i vår. No er også Disco Aces tilgjengeleg for publikum. Når det første albumet er sleppt, er det ikkje lenge til oppfølgjaren kjem, fortel Søfteland.

– Eg ønskjer å gje ut eit nytt album kjapt. Vi har alt starta å jobba med nye låtar, og eg ser føre meg å sleppa eit nytt album neste vår, seier Søfteland.

I 2013 blei Eirik Søfteland kjend gjennom Idol. Då stod han att som tapande finalist. Seinare same år, dansa han seg til siger i Skal Vi Danse. Osingen har også vore med i Stjernekamp, før han i år kom på andreplass i Århundrets Stemme.

– Eg som artist klarte ikkje å vinna songkonkurransar, men i dansekonkurransen gjekk eg til topps, seier Søfteland og ler.

– Om eg hadde vunne, ville eg sjølvsagt blitt glad, men eg er ikkje oppteken av titlar og pokalar. Det er ikkje så viktig i musikken. Det er meir ein idrettsgreie. Eg har hatt det så utruleg kjekt på alle musikkprogramma, seier Søfteland.

I finalen i Århundrets Stemme konkurrerte Søfteland mot Øyvind ”Elg” Elgenes.

– Han eig ikkje konkurranseinstinkt. Han berre fjasa og såg heilt upåverka ut når dei skulle annonsera kven som gjekk vidare og kven som skulle heim. Etter at vi hadde teke oss vidare frå ulike rundar sa han til meg: Då blir det ei ny veke med restaurant-besøk og pils då, Eirik. Elg er ein fin fyr og blant dei betre å tapa for, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sipher avslutta Osfest 2018 med stil.
Sipher avslutta Osfest 2018 med stil.

Nei til Fire Stjernes Middag fire gonger

Det har blitt mange opptredenar i ulike TV-program, men Søfteland har ikkje takka ja til alt han er blitt spurt om.

– Eg har takka nei til Fire Stjerners Middag fire gonger. Eg kan ikkje laga mat, og eg har heller ikkje hatt ein heim som passa. Då måtte eg ha lånt ein heim av nokon – det ville vore teit. Det er ikkje eit program for meg uansett. Godt betalt hadde det sikkert vore, men det er ikkje for meg. Eg har også takka nei til Melodi Grand Prix eit par gonger, seier Søfteland og legg til:

– Eg står inne for det eg har vore med på, og eg har hatt det kjekt på alle produksjonane.

– Du har også prestert og verkar vera ein stor publikumsfavoritt. Kva tenkjer du er grunnen til det?

– Eg fortel ikkje historier og prøver å få sympati eller skapa dramaturgi – sjølv om ein del TV-produksjonar gjer det for deg. Eg er ein kvikk og vittig fyr, med liten respekt for konsept og norm. Det viktigaste er å vera glad og spreia glede. Det vil alltid smitta. Folk verkar setja pris på det.

Jobba for å kapra Mia i eitt år

Som artist går det bra. Det gjer det også på heimebane. I fem år har Søfteland vore i lag med Mia Lindborg. Dei to budde i Bergen før dei flytta til leilegheit i Hjellemarka. No har dei kjøpt bustad.

– Vi har byta ut Hjellemarka med Hjelle. Eg held på å innreia utebua tilhøyrande tomannsbustaden til eit mini øvingslokale. Det er ikkje så stor plass, men det går akkurat med trommesett, pult og keyboard.

Søfteland og Lindborg blei i lag kring TV-framføringa på Idol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi hadde «halde på» i eitt år. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle bli saman med ho, og brukte eitt år på å få det til, seier Søfteland og ler.

I slutten av september fyller osingen 30 år. Det gruar han seg ikkje til i det heile.

– Då eg blei 20 år, tenkte eg at eg er utruleg ung. I starten av 20-åra var det langt fram til 30. Når eg no fyller 30, er det også lenge til eg blir 40, og fram til eg blir 60 år, skal eg få oppleva like mykje som eg har gjort frå eg var knøtt til no. Det er utruleg mykje! Så lenge ein fyller tida med kjekke ting og ser positivt på livet, så ender ein opp med ha det kjekt og å skapa si eiga lukke. Slik tenkjer eg, seier Søfteland.

Fem kjappe:

1.Spice Girls eller Backstreet Boys? Tøft val. Spice Girls fordi dei har kjekkare låtar.

2.Storbyferie, backpakking eller sydenferie? Storby. Eg liker historie og å sjå ting.

3.Tre ting frå raideren? Red Bull, eit innramma bilete av Dan Børge Akerø og ikkje minst handkle. Det er det viktigaste.

4.Ein halvtimes prat med kven som helst – som har eksistert eller eksisterer i dag. Kven vel du? Det hadde vore lett å svara Freddy Mercury. Eg vel Leonardo da Vinci. Han teikna mellom anna helikopter og dykkardrakt. Mange hundre år etter at han gjekk bort, blei det laga. Han lærte seg også å skriva med begge hendene samstundes. Det hadde vore interessant å snakka med han.

5.Hund eller katt? Katt. Eg er glad i alle dyr, men katter klarer seg sjølv og kjem for å kosa når dei ønskjer det.