Ein spent forfattar, Pål-Erik Winther (f.v.), saman med prosjektleiar  Knut Arne Olsen og Bjarte Vatnøy, dagleg leiar i Umbrella forlag.
Ein spent forfattar, Pål-Erik Winther (f.v.), saman med prosjektleiar Knut Arne Olsen og Bjarte Vatnøy, dagleg leiar i Umbrella forlag.

Fantasydebutant frå Lysefjorden

I dag kjem Pål-Erik Winthers fantasyroman Storbynetter endeleg i sal. I Lysefjorden sit ein svært spent debutforfattar og ventar på tilbakemelding.

- Det følest fint å endeleg vera klar med boka etter mange års arbeid og venting, seier Pål-Erik Winther (42).

Han har ikkje valt den lettaste sjangeren. Ikkje berre er det vanskeleg å få gitt ut fantasy på norsk, men fantasy-lesarane er også kjende for helst å lesa på engelsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har prøvd meg på andre sjangrar, men skrivinga mi tek som regel ei dreiing mot det fantastiske. Eg liker godt tanken på at alt kan skje, smiler han.

Romanen kjem ut på det reine fantasy-forlaget Umbrella forlag, som Winther har vore med og starta.

Gotham City

Romanen Storbynetter handlar om Chris, ein ung mann frå bygda som reiser til storbyen for å studera. Men når han kjem fram til universitetet, byrjar studentar å forsvinna og underlege ting skjer. Ein dag han rotar seg inn i feil strøk av byen, møter han Lisa som han fell pladask for. Etter det akselererer alt.

Umbrella forlag)
Umbrella forlag)

I fylgje forfattaren sjølv er storbyen eit fantasiunivers som minner om ei krysning av New York og Batmans Gotham City.

- Det ville ha vore begrensande å bruka ein verkeleg plass, så verken Lysefjorden eller Bergen er med, dessverre.

Tenåringsgutar

- Eg har nok prøvd å skriva ei bok eg sjølv ville ha likt å lesa som tenåringsgut, seier Winther som registrerer at nettopp den gruppa er vanskeleg å nå for ein forfattar.

- Boka har både action og spenning, men eg trur nok jenter også vil lika ho. Boka er for alle, og her er også litt romantikk, som forhåpentlegvis ikkje er så klissete at gutane legg boka frå seg. Men hallo, dei har jo kjensler dei óg, ler han.

Ikkje hardhuda

No ventar lanseringsfest og tilbakemeldingar frå både lesarar og kritikarar. Det siste synest han er litt tøft å forholda seg til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, faktisk. Det er rart at folk brått skal lesa boka og meina noko om ho. Eg er ikkje meir hardhuda enn at ein totalslakt nok hadde gjort vondt, seier han og trøystar seg med at ein anmeldar som har kome halvvegs i boka, så langt har gjeve han tommel opp.

Middelaldrande

Winther voks opp i Åsane, men har det siste året budd i Lysefjorden. Nærmare bestemt Nesjaryggen.

- Lysefjorden er ein god plass å vera. Eg storkosar meg her oppe, sjølv om eg sikkert ser meir skog enn sjø, ler han.

Til dagleg pendlar han til jobben som IT-konsulent i Lumagate på Bryggen. Forfattardebutanten er ikkje klar til å satsa på eit forfattarliv på heiltid.

- Men som 42-åring og middelaldrande, eg hatar forresten det ordet, har eg i alle fall debutert som forfattar. Det følest utruleg bra, ler han.

Boka er i sal frå i dag.