Kamilla Steinkjer Bentzen frå Os Skulekorps (i midten) imponerte stort med 99 av 100 moglege poeng i klassen «Solist 2002».
Kamilla Steinkjer Bentzen frå Os Skulekorps (i midten) imponerte stort med 99 av 100 moglege poeng i klassen «Solist 2002».

Gjekk heilt til topps

Korpssolistane Linda Camilla Eidem Molina frå Eikelandsosen og Kamilla Steinkjer Bentzen frå Os, tok kvar sin fyrsteplasse under Hordablæsten sist helg.

Den årlege Hordablæsten samla sist helg 68 korps og totalt 2.635 musikanter til dyst i Grieghallen i Bergen.

Dette gjer konkurransen, som vert arrangert av Norges Musikkorps Forbund, til ein av dei største i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

314 solister og 120 ensemble har konkurrert i ulike klassar, og blitt vurdert av profesjonelle domarar. Og under søndagens festkonsert, framfor 1.500 publikumarar, vart årets vinnarar kåra.

Lokale stjerner

I klassen «Solist 2000» gjekk Linda Camilla Eidem Moina frå Eikelandsosen Skulemusikklag heilt til topps med 97 poeng.

Sameleis tok Kamilla Steinkjer Bentzen frå Os Skulekorps fyrsteplassen i «Solist 2002» med heile 99 (!) av 100 moglege poeng.

Imponerte gjorde også Linda Camilla Eidem Molina frå Eikelandsosen Skulemusikklag (i midten) som gjekk heilt til topps i klassen «Solist 2000».
Imponerte gjorde også Linda Camilla Eidem Molina frå Eikelandsosen Skulemusikklag (i midten) som gjekk heilt til topps i klassen «Solist 2000».

I klassen «Ensemble 2007 eller seinere» tok Oda Bratlund-Mæland og Ella-Kristin Valen Nordgård frå Os Skulekorps ein 3. plass med 93 poeng.

Os Skulekorps kom på 4. plass i 1. divisjon janitsjar med 91 poeng.

For fullstendig resultatoversikt, sjå musikkorps.no/hbl18.

anne-marie@osogfusa.no