Glenn Erik Haugland og Ragnhild Tronsmo Haugland tar her imot ein sjekk pålydande 250.000 kroner frå Sissel Karlsen i Sparebankstiftelsen til DNB. (Privat foto)
Glenn Erik Haugland og Ragnhild Tronsmo Haugland tar her imot ein sjekk pålydande 250.000 kroner frå Sissel Karlsen i Sparebankstiftelsen til DNB. (Privat foto)

Herleg førjulspresang til Session Studio E39

Onsdag fekk Session Studio ein gåvesjekk på 250.000 kroner til vidare arbeid for unge komponistar og arbeid med musikkglad ungdom.

Det var ein kjempeglad Glenn Erik Haugland som meldte om god nytt frå hovudstaden onsdag føremiddag.

- Heisan Os og Fusaposten. Eg må berre få melda at Session Studio E39 i dag har motteke ein sjekk på 250.000 kroner til vårt arbeid med unge komponistar og musikkteateret Session Nattspill, jubla Haugland på telefon frå Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gåvesjekke fekk dei av Sparebankstifelsen til DNB.

- Me er så glade og takksame. Dette er pengar me verkeleg har bruk for i tida framover, seier Haugland.

Musikkteater i Oseana

Pengane går altså til to satsingsprosjekt for Session Studio E39 det komande året. Det eine er Session komposisjon, som er kurset for unge komponistar. Det andre er ungdomsmusikalen «Session Nattspil» som Haugland & Co vil hjelpa ungdom til å setja opp i Oseana i oktober neste haust.

- Nattspill er eit stykke me ønskjer ungdomen skal få skriva, komponera, produsera og setja opp heilt sjølv. Me vil følgja dei tett opp, men det skal vera eit stykke av og med ungdom i aldaren 16 til 30 år, seier Glenn Erik.

- Er det ope for folk å melda seg på?

- Ja, både til komponist-gruppa og Nattspill treng me deltakarar. Folk er hjarteleg velkomne til å ta kontakt, seier Haugland.