Laurdag hadde Os Kammerkor øving på Os barneskule. Søndag reiser dei til Fitjar for å øva saman med alle som skal ta del i storkonserten.
Laurdag hadde Os Kammerkor øving på Os barneskule. Søndag reiser dei til Fitjar for å øva saman med alle som skal ta del i storkonserten.

I hardtrening før storkonsert

Queen-hyllesta er berre ei veke unna. Os Kammerkor nyttar tida godt for å få songane til å sitja, for det er ikkje berre-berre.

Sidan midten av 80-talet har Os Kammerkor-dirigent Ann Elisabeth Tveit vore frelst av Queen, og særleg vokalist Freddie Mercury.

– Han var eit stort talent og ein stor kunstnar. Han blei råka av aids, og stod i det sjølv med sjukdom. Freddie var ein atletisk vokalist med mykje energi. Det må vi også formidla. Freddie er krevjande å etterlikna, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har felt mange tårer

I august starta kammerkoret øvingane til storkonserten i Oseana, som går av stabelen neste laurdag. Denne helga er det seminar og i morgon søndag skal dei til Fitjar for å øva saman med bandet Just For You, Kor Camena og vokalist Ole Andre Westerheim som også er del av konserten.

– Vi føler at det sitt godt no, og vi gler oss til konserten neste helg, seier Tveit.

Øvingane dei siste tida har vore gode og krevjande. Det er felt ein del tårer, fortel dirigenten.

- Freddie Mercury var ein atletisk og energifull artist. Det må også vi formidla, seier dirigent Ann Elisabeth Tveit.
- Freddie Mercury var ein atletisk og energifull artist. Det må også vi formidla, seier dirigent Ann Elisabeth Tveit.
Os Kammerkor-øving før Queen-hyllesta neste helg.

– Anne Fristad gjekk nyleg bort. Ho var medlem i kammerkoret. Særleg når vi har øvd på Bohemian Rhapdosy, som handlar om liv og død, har det kome ein del tårer.

Eit kor frå Bjørnafjorden kommune

Os Kammerkor tel mellom 25 og 30 medlemmer, og er ei blanding av osingar og fusingar.

– Alle er frå Bjørnafjorden, seier Tveit og smiler.

Dirigenten sjølv er frå Austlandet, men har bydd i Bergen dei siste 15 åra. Av medlemmene, vil 20 av dei ta del i Queen-hyllesta. For Os Kammerkor blir dette den første storkonsert i rockesjangeren.

– Vi har hatt nokre innslag tidlegare, men aldri før har vi hatt ein rockekonsert, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis går det med billettsalet?

– Eg trur det er over 200 billettar selt. Det er berre til å gå og kjøpa, seier ho og smiler.

Om Os Kammerkor:

Koret vart skipa i 1976, av ein gjeng songglade osingar som hadde sunge i lag og for kvarandre sidan 1973. Koret har hatt mange konsertar både i inn- og utland, mellom anna fleire konsertar i Oseana, der dei også skal opptre laurdag.

Den første dirigenten var Henrik Lyssand som og har komponert og arrangert mykje for koret. I 1989 overtok Jan Ove Petersen taktstokken og gav han vidare til Karina Tøtlandsmo i 2003. Marius Dale Romslo har vore vår inspirerande leiar frå 2007 og fram til 2015. Trent Bruner leia koret gjennom inspirerande år 2015, før Ann Elisabeth Tveit tok over.