Har du ei sovepose-historie? Eller vil du snakka om noko heilt anna? Du er velkomen inn i lavvoen for å slå av ein prat med Glenn Erik Haugland eller kona Heidi Tronsmo.
Har du ei sovepose-historie? Eller vil du snakka om noko heilt anna? Du er velkomen inn i lavvoen for å slå av ein prat med Glenn Erik Haugland eller kona Heidi Tronsmo.

Inviterer til drøs i lavvoen

Som ein del av Oseana-utstillinga «Supra», inviterer Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland folk til ein drøs i lavvoen.

– Det er ikkje så lett å setja ord på kva Supra handlar om. Det er vel difor vi lagar kunst, seier Heidi Tronsmo.

Saman med ektemannen Glenn Erik Haugland begynner ho å bli klar for opning i Oseana laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Supra byr på ein levande installasjon. Undervegs blir det mindre hendingar, konsertar, hakkespett-lydar og performances.

På sjølve opningsdagen vert det samtale med kurator Evelyn Holm. Sidan vert det

kkje minst samtalar med publikum.

Kunstnarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo leikar godt ilag, og inviterer gjerne publikum med på moroa.
Kunstnarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo leikar godt ilag, og inviterer gjerne publikum med på moroa.

– Eg blir så glad om nokon vil koma og fortelja meg si soveposehistorie, kva no enn den historia måtte vera, smiler Heidi.

Inst i lokalet står ein lavvo kledd i kvitt blondestoff. Midt i lavvoen ligg ein oransje sovepose. Heidi håpar osingane vil våga seg inn hit for å slå av ein prat.

– Vi er dei minst skumle du kan tenkja deg, så hit er alle velkomne, ler Glenn Erik.

Frå SUB til SUPRA

For nokre år sidan sette paret opp framsyninga SUB. Den gongen dykka dei under vassoverflata reint fysisk, i tillegg til å visa fram det umedvitne og draumeaktige.

Med SUPRA, som jo betyr over, har dei teke steget opp i dei høgare sfærer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg voks opp i New York med skjermar over alt. I vår tid er informasjonsstraumen enorm, utan at vi heilt veit kva det gjer med oss. Det har eg lyst til å utforska, seier Glenn Erik.

Heidi nikkar, men har sjølv valt ein annan innfallsvinkel til temaet.

– Istadenfor å søkja ut i det store kaoset av teknologi, vil eg gå tett på i samtalar og søkja kunnskap i det stille. Kanskje kan eg læra noko om tidsånda. Det er noko gåtefullt i det at to menneske ulike stader på kloden kan tenkja dei same tankane - utan å ha snakka saman, seier Heidi.

SUPRA opnar i Hvelvet på Oseana laurdag og blir verande i to veker. Tronsmo og Haugland vert sjølve til stades eit par timar kvar dag.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no