Frå før av er Gunslinger booka til konserten på Nore Neset vesle nyttårsaftan. Bandet som no blir stadfesta, er Vetrhus Bluesband.
Frå før av er Gunslinger booka til konserten på Nore Neset vesle nyttårsaftan. Bandet som no blir stadfesta, er Vetrhus Bluesband.

Inviterer til forrykande bluesshow

Lille nyttårsaftan kjem Vetrhus Bluesband til Nore Neset. Dei fem gutane frå Odda lovar heftig bluesrockshow.

Gunslinger er alt booka til konserten på Nore Neset vesle nyttårsaftan. Vetrhus er det andre bandet som er stadfesta av totalt tre som kjem til å spela denne kvelden.

I pressemeldinga heiter det at Vetrhus har eit trufast publikum som følgjer dei, så det er berre til å forventa fullt hus, og ein god porsjon rock ’n’ roll, dans og moro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bandet består av desse fem: Helge Tverdal (vokal), Daniel J. Kambestad (munnspel),

Kjell Arne Bauge (gitar), Kjetil Huus (bass) og Bjørn Moe (trommer).

– Vetrhus spelar svingande blues og rock medan dei lager eit helsikes liv på scenen. Difor blir dei elska av publikum kvar enn dei reiser for å opptre. Gutane gjer seg like godt i det store formatet som på dei små tette scenane, men ingen band sprudlar slik over av speleglede som Vetrhus når dei entrar senen, skriv dei i ei pressemelding.