annonse

Irsk legende til Lyngheim

: Andy Irvine har turnert over heile verda både som soloartist og i band. Lyngheim er ein av stoppestadene på ein mini-Noregs-turné som han no skal ut på. (Pressefoto)

Andy Irvine er ei legende innan irsk folkemusikk. Neste tysdag vitjar han Lyngheim.

Jostein Halland

Irvine har turnert over heile verda både som soloartist og i band. Lyngheim er ein av stoppestadene på ein mini-Noregs-turné som han no skal ut på.

- Vi er svært glade for å kunna presentera ei legende i irsk folkemusikk på Lyngheim. Konserten er komen til i samarbeid med folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen. Berre høyr deira omtale av Andy: Han har farga og fornya den irske folkemusikken gjennom fem tiår. Han har spelt med alt som kan krypa og gå av Irlands storheiter, og vore med i band som Planxty, Patrick Street og De Dannan, fortel Magne Brekke i Stiftinga Lyngheim entusiastisk.

Som låtskrivar er Irvine sterkt påverka av Andy Guthrie og den amerikanske tradisjonen, og han har alltid hatt fokus på dei samfunnet gløymde. Han har tilbrakt mange år i Øst-Europa, og var ein av dei første som introduserte bouzouki i irsk musikk. Han er òg flittig brukt som studiomusikar av artistar i alle sjangrar og kategoriar.

- Vi veit ikkje kva program Andy har lagt opp for kvelden på Lyngheim, men vi håpar å få høyra songar frå heile hans karriere - arbeidarsongar, tårevåte irske kjærleiksviser, irske balkanrytmar, sjømannsviser frå New Zealand, og songen han skreiv om veka han hadde saman med Lillebjørn Nilsen - veka ingen av dei hugsar noko av, fortel Brekke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut