Ida Blindheim og Kaja Lyssand byta på å spela kjærasten til Cochise Holland på scena i Oseana, men privat er dei berre gode venar. Elevane frå Os ungdomsskule leverte ein strålande framsyning av Grease torsdag.
Ida Blindheim og Kaja Lyssand byta på å spela kjærasten til Cochise Holland på scena i Oseana, men privat er dei berre gode venar. Elevane frå Os ungdomsskule leverte ein strålande framsyning av Grease torsdag.

Kjærastar på scena - venar på privaten

På scena hadde Danny og dei to Sandyane god kjemi. Det har dei også privat, men dei er berre venar. I dag leverte sal og scene-klassen på Os ungdomsskule ei fantastisk Grease-framsyning for fullsett sal i Oseana.

– Unnskyld språket, men det var jævlig kjekt, seier Cochise Holland, som spelte den mannlege hovudrolla, Danny.

Cochise går i 9. klasse på Os ungdomsskule. Musikalen i Oseana var hans første, men garantert ikkje den siste. Han fekk gode tilbakemeldingar frå publikum etter at framsyninga var over. Det gjorde for så vidt alle dei andre involverte også, då dei fekk ståande applaus frå publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var veldig nervøs før vi gjekk på scena, men det var berre kjekt når vi kom i gang. Eg satsar på å gå vidare på sal og scene neste år, seier Cochise.

Lange dagar

Ida Blindheim og Kaja Lyssand byta på å spela Dannys utkåra, Sandy.

– Grunnen til at vi hadde to Sandyar var rett og slett fordi så mange ønskte å vera ho, seier Ida.

– De hadde god kjemi med Cochise, er det romantikk i lufta på privaten også?

– Nei, vi er nok berre gode venar, seier jentene og smiler.

Heilt sidan september har elevane øvd på musikalen. Dei har brukt ein time i veka på skulen, fram til den siste tida før framsyninga.

– I går var vi her i Oseana i ti timar, seier Ida.

– I dag har vi vore her sidan klokka 08.00, seier Kaja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene fortel at dei også har brukt mykje tid på musikalen utanom skuletida.

– Vi har hatt det kjempekjekt. Det gav absolutt meirsmak. No skal vi eta pizza før vi skal heim og sova ut, seier Kaja.

Stolt rektor

For mange av elevane var det nok med skrekkblanda fryd at dei inntok scena for første gang. Men om dei var nervøse, gjekk det ikkje an å sjå det på dei. Dei leverte frå første stund, og publikum verka vera meir enn godt nøgde med det dei fekk sjå.

Elevane frå sal og scene fekk hjelp frå Os kulturskule som stod for musikken, med John Søfteland Sæbø i spissen. I publikum sat rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Luthro. Då musikalen var over, gjekk han på scenen og tok ordet, tydeleg stolt over det elevane hadde prestert. Han ville også trekkja fram innsatsen Janie Frostad Laupsa og Tonje Thorsnes Nybrot, som var ansvarlege for framsyninga, la ned saman med John Sæbø Søfteland.

– Dei har stått på langt utover normal arbeidstid, sa Luthro.