På ein skala frå 1 til 10 blir dette ein 11-ar, lovar kultursjef Lisbeth Axelsen (f.v.) og svingar seg med næringssjef Daniel Skotheim. Bak står ungdomane, ordførar Marie Bruarøy og kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh, og rockar.
På ein skala frå 1 til 10 blir dette ein 11-ar, lovar kultursjef Lisbeth Axelsen (f.v.) og svingar seg med næringssjef Daniel Skotheim. Bak står ungdomane, ordførar Marie Bruarøy og kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh, og rockar.

Kommunen byr opp til dans

Dansetrinna sit som dei skal og stemninga er god ein månad før kommunen inviterer til bryggedans ved Os Sjøfront.

anne-marie@osogfusa.no

– Du kan bevega deg nett slik du vil. Det blir ikkje noko dansepoliti her denne kvelden, ler kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh. Saman med ordførar Marie Bruarøy, næringssjef Daniel Skotheim og kultursjef Lisbeth Axelsen, sit han i arrangementskomiteen for årets bryggedans 17. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsraad Lemkuhl kjem. Og han andre statsråden også. I tillegg blir det live, kritikarrost og kortreist rock med Mighty Magnolias og «veteranrockarane» i Diamonds og Blue Experience.

– Dei har så mykje erfaring og så stort repertoar at dei sikkert kan spela i timesvis, ler Grønvigh som lovar musikk for både unge og gamle.

– Ein kan gjerne ta med seg mor eller far på date denne kvelden. Musikken blir som ei tidsmaskin til gamle dagar, seier han begeistra.

Meir enn reker

Som alltid vert det rekebord, men i år vert serveringa om bord i «Statsraaden».

– Difor sel vi to billettar. Ein til bryggedansen og ein til bryggedansen med rekebord. Om du vil eta noko anna, sel både Havnechefen og Osøyro Kolonial mat på brygga, forklarer Skotheim.

– Vi håpar dette vil lokka dei som ikkje er like glade i reker som oss, seier Bruarøy.

Bryggedansen er eit populært arrangement og det har tidlegare år vore rift om billettane. Etter ein fersk risiko- og sårbarheitsanalyse er det konkludert med at ein kan ha 900 personar på kaien. 250 av dei kan få sitjeplassar.

– Vi er glade for å kunna gje plass til fleire enn i fjor, men osingane må ikkje venta med å kjøpa billettar. Det er lurt å ordna det alt no, seier Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klinedans

– Alt det praktiske skal vera på plass. Men det er opp til folk sjølv å laga fest, ler ordføraren.

– Kva type standardansar bør ein beherska for å delta på bryggedans?

– Haha, det er vel dans slik ein er van med frå ungdomshusa i krinsane, seier Bruarøy.

– Swing funkar alltid. Det kan dansast til all musikk, seier Grønvigh.

– Klinedans, fniser kultursjefen til stor jubel frå dei andre.

– Men det treng du kanskje ikkje skriva, altså, ler ho.