Gruppa Fløyboba frå Kongshaug musikkgymnas gjekk i helga til topps i ensemble-klassen. Frå venstre Gunhild Bebnor (obo), Astrid Bjelland og Gunleik Gisletveit (tuba). (Privat foto)
Gruppa Fløyboba frå Kongshaug musikkgymnas gjekk i helga til topps i ensemble-klassen. Frå venstre Gunhild Bebnor (obo), Astrid Bjelland og Gunleik Gisletveit (tuba). (Privat foto)

Kongshaug-elevar til topps i NM

Tre elevar frå Kongshaug musikkgymnas gjekk i helga til topps i «Ensemble»-klassen i Ungdomens musikkmeisterskap i Oslo.

128 musikarar stod på scenen under Noregsmeisterskapen for unge musikarar i Oslo i helga. Her gjekk kammermusikk-trioen Fløyboba frå Kongshaug musikkgymnas, med Astrid Bjelland på fløyte, Gunhild Rebnor på obo og Gunleik Gisletveit til topps i klassen for «Ensemble». Med dette gjekk dei også til superfinalen som ein av fem deltakarar.

Slagverkaren, Sigvald Fersum (18), frå Bergen vart kåra til årets musikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikkfestival i Finland

I premie mottok Kongshaug-trioen ein sjekk på 10.000 kroner. I tillegg fekk Fløyboba-gjengen "reisepass" til musikkfestivalen for ny musikk i Helsingfors i Finland til våren.

Astrid Fekk også førstepris i solistklassen. Utover i 2016 skal ho difor delta på ei rekkje konsertar rundt i Europa.

- Eg er utruleg stolt over det trioen har prestert. Dei har jobba utruleg seriøst og har vore særs førebudd på samtlege øvingar. Dei fortente verkeleg denne sigeren, seier fagleiar ved Kongshaug musikkgymnas, Frode Jakobsen.

Fløyboba er ein samansveisa gjeng. Då Astrid (t.v) skulle prøvespela i København sist veke, reiste Gunleik og Gunhild like godt med for at dei skulle få tid til å øva ekstra mykje før UMM. (Privat foto)
Fløyboba er ein samansveisa gjeng. Då Astrid (t.v) skulle prøvespela i København sist veke, reiste Gunleik og Gunhild like godt med for at dei skulle få tid til å øva ekstra mykje før UMM. (Privat foto)

Han skjønte tidleg kvar det bar.

- Trioen var så god at eg sa me skulle vinna NM alt tidleg i prosessen. Det viste seg at eg hadde rett, ler Jakobsen.

Så klokkartru på trioen hadde han at han til og med sponsa eit eige komponert stykke av samtidsmusikaren Knut Vaage.

- Eg betalte det av eiga lomme. Rett og slett fordi eg hadde så stor tru på Fløyboba, ler den godt nøgde læraren.

Reiste til København

Fløyboba øvde tidleg og seint til UMM i Oslo. Så dedikerte til øvinga og konkurransen i Oslo var dei, at då Astrid sist veke reiste til København for å prøvespela på Kongeleg Dansk Musikkakademi, så følgde Gunhild og Gunleik med på turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei var rett og slett så ivrig på å øva fram mot konkurransen at dei vart med ho til Danmark. Snakk om iver og spelelyst, seier Jakobsen.

Han takkar også Kongshaug musikkgymnas som sponsa arrangementet (laga av Tom Breivik) som trioen henta frå operaen Carmen.

Rektor ved Kongshaug musikkgymnas er naturleg nok også stolt over elevane sine.

- Me synest dette er stor stas for oss som skule, og er svært stolte over elevane, seier rektor ved Kongshaug musikkgymnas, Oddvar Rotvik.