Det lokale Stjerneteller-koret øvde på Os barneskule torsdag kveld. (Privat foto)
Det lokale Stjerneteller-koret øvde på Os barneskule torsdag kveld. (Privat foto)

Lokalt Stjerneteller-kor klar for Oseana

Laurdag kveld står Christine Sandtorv og Stjerneteller-bandet på scenen i Oseana. I tillegg medverkar 22 songglade born frå Os.

Stine Kobbeltvedt og pianist Tonje Næsheim rakk å organisera ei kjapp øving på Os barneskule torsdag kveld. Då vart det finpussing på tekst, song og dans.

- Gjengen vår skal vera med på fire songar. Nokon skal til og med syngja solo med Christine, fortel Stine Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har sjølv vore med på den produktive barneplate-komponistens konsertar to gonger tidlegare.

- Eg var med framfor ein fullsett Oseana-sal i samband med Osfest-arrangementet for to år sidan. Dessutan har eg også kora for ho på ein opptreden på Ole Bull scene i Bergen, fortel Kobbeltvedt.

Klar med dansemoves

Totalt 22 unge koristar frå Os skal vera med og kora på nokre av Sandtorvs finaste låtar.

- Ho er kjempeflink og lagar songar som ein lett kjenner seg att i. Fleire av låtane kjennar nok den yngre garde igjen frå låtrepertoraret i skulen, seier Kobbeltvedt, og tenkjer mellom anna på «Blåse på».

Litt dans blir det også på det unge, lokale Stjerneteller-koret.

- Ja, me har øvd inn nokre fine moves. Me gler oss veldig, og det håpar me publikum gjer også. Konsertane med Christine og bandet er absolutt verd å få med seg, spesielt for familiar med små born, seier Kobbeltvedt.