annonse

Maritim verdspremiere på Vedholmen Galleri

: Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland (Opera Omnia) møter forfattaren Øivind Hånes på Vedholmen galleri laurdag kveld. (Foto: privat)
: Kunstnaren Line Hvoslef opnar ny utstilling laurdag. (Foto: privat)

Abstrakte kunstverk, ramsalte dikt og blå tonar er nokre av ingrediensane når Vedholmen Galleri si nye utstilling opnar laurdag kveld.

Det er når den mangeårige biletkunstnaren Line Hvoslef opnar ny separatutstilling på Vedholmen galleri at ein ny trio ser dagens lys, beståande av den prisbelønte forfattaren Øyvind Hånes og Opera Omnia. Bak artistnamnet skjuler det lokale artistparet Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland seg, som driv Studio E39 og har ei rekkje suksessrike førestillingar på samvitet. Lokalt er HavFest den best kjende. Også denne gongen er det eit maritimt tema den nye trioen vil ta for seg.

Sparka igang av David Bowies død

Øivind Hånes, tusenkunstnaren som både har gjeve ut romanar, dikt, operamusikk, ballettmusikk, jazz - og kokebøker, stiller med rykande ferske dikt med maritime tema, men bidrar også musikalsk.

- Øivind er kanskje eit uskrive blad for mange osingar, men eg har kjent han i over 30 år. Han studerte musikk i Drammen, men søkte til vårt miljø i Oslo. Han har også bakgrunn frå New Wave-rocken, seier Haugland.

Dei har hatt sporadiske samarbeidsprosjekt opp gjennom, og no fann dei ut at tida var moden for å invitera Köln-baserte Hånes til Os.

- Etter at David Bowie døydde snakka eg med Øivind og sa; "eg har funne ut at livet ikkje varer evig". Viss dette skal bli noko av måtte me få ræva i gir, som det heiter i Os.

Instrumentalt blir det både klarinett, kontrabass og keyboard - medan alle tre bidreg som songarar.

Vedholmen - Ein fantastisk møteplass

Line Hvoslef har stilt ut i Os ein gong før - under festspela i mai 2012. Ho har ein stil som har blitt samanlikna med Gustav Klimt og Art Nouveau-stilen. Denne gongen er utstillinga kalla «Periskop» og består av store og små arbeid i olje på lerret og collage i blanda teknikk.

- Ho har litt science fiction-aktige bilete. Er det ein fisk? Eller er det eit romskip? Utrykket hennar er i slekt med måten eg jobbar på som komponist. Det er ei form for fantasering over nesten gjenkjennelege objekt frå røyndomen, forklarer Haugland.

- Kor mange er det plass til på Vedholmen Galleri?

- Det blir ofte fullt. Det blir litt som "sardinar i ein boks" for å halda oss til maritime metaforar - ein blir godt kjent. Det er ganske flott at me har fått ein slik møtestad i Os. Trass i at Vedholmen Galleri aldri har fått noko offentleg støtte, er dette eit av dei mest aktive visningsstadene i Hordaland, seier Haugland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.