2016 blei eit innhaldsrikt år for den unge artisten, Boy Pablo (18). Han blei tildelt stipend på 35.000 kroner, og fekk samstundes bekrefta plass på programmet til Bergenfest. I slutten av november blei han Ukas urørt på NRK P3, og på hausten spelte han på festivalen Vill Vill Vest.
2016 blei eit innhaldsrikt år for den unge artisten, Boy Pablo (18). Han blei tildelt stipend på 35.000 kroner, og fekk samstundes bekrefta plass på programmet til Bergenfest. I slutten av november blei han Ukas urørt på NRK P3, og på hausten spelte han på festivalen Vill Vill Vest.

Merk deg namnet: Boy Pablo

2016 blei litt av eit år for Nicolas Pablo Riveira Munoz aka Boy Pablo. Til sommaren ventar opptreden på Bergenfest for den unge artisten.

- Det er heilt uverkeleg. Det er sjukt. Bergens største festival. Veldig, veldig kjekt, men framleis litt uverkeleg, seier "Pablo".

- Kvifor Boy Pablo?

Boy Pablo er yngst i søskenflokken, og heile familien driv med musikk. Den unge artisten kan ikkje sjå for seg eit liv utan musikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Musikk gjev meg glede. Det hadde vore veldig rart for meg å ikkje driva med det. Eg veit ikkje kva eg hadde gjort om eg ikkje hadde halde på med musikk, seier Pablo.

- Kvifor Boy Pablo?

- Namnet er eigentleg heilt tilfeldig. Det var ein kompis som kom på det. Eg ønskte eit artistnavn, han foreslo det, og då blei det berre det.

Omringa av musikk

Bergenseren var ti år då han for alvor starta med musikk. I dag speler han gitar og trommer, i tillegg til å synga. Låtane skriv han sjølv.

- Kva handlar dei om?

- Alt mogleg, og ingenting. Eg har så langt ikkje hatt så mange djupe songar. Heller meir morosame tema, som online dating og det å ikkje finna telefonen når ein vaknar om morgonen, seier artisten.

For to år sidan flytta han til Os med foreldra. Dei eldre søskena er flytta ut og etablerte.

- Vi flytta til Os då eg skulle starta på Kongshaug Musikkgymnas. Då var det lettare å bu i Os, seier Pablo, som legg til at Kongshaug har vore med på å forma han som artist.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er litt delt. Kongshaug har på ein måte forma meg. Eg føler ikkje at eg har lært så mykje praktisk, bort sett frå piano, men skulen har utvikla musikkforståinga mi. Det er ingen der som spelar same musikk som meg, men eg har sett til det utanfor Kongshaug, samstundes har eg henta litt inspirasjon frå skulen òg.

Aller mest inspirasjon har han henta frå familien.

- Eg har vore omringa av musikk heime. Bror min, Esteban, er produsent og jobbar i studio. Han har hjelpt meg, og svigerbror miksar og mastrar. Det er kjekt å få hjelp av familie, seier Pablo.

Blei tildelt stipend

I januar 2016 sleppte han sin første låt, Flowers, og i april hadde Boy Pablo sin første konsert, akkompagnert av fire vener. Tre av dei frå Kongshaug.

- Eg lagar all musikken sjølv, men dei er med meg på konsertar, seier Pablo.

Den første spelejobben var på Hulen, som oppvarmingsband for Tellef Raabe. I september var Boy Pablo del av programmet på bergensfestivalen Vill Vill Vest.

- Det var ein brå overgang i 2016, med mykje merksemd og mange kjekke jobbar. Det blei minst 15 konsertar i fjor, seier Boy Pablo.

Mot slutten av året tok det verkeleg av for den unge artisten. Då blei han og bandet 9 grader nord tildelt Vipps/Bergenfest-stipend på heile 35.000 kroner kvar. Samstundes blei det bekrefta at begge desse skal spela på Bergenfest 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ukas urørt

Kort tid etter, blei Pablo ringt opp av NRK P3. Tidlegare på hausten hadde han spelt på kanalen, og halde kontakt med folka i redaksjonen. Då dei høyrde den nye låta hans, Ur Phone, tok dei først kontakt for å høyra om det var greitt at dei spelte låta på P3.

- Det var sjølvsagt heilt greitt for meg. Kort tid etter ringte dei opp att og sa at eg også var Ukas urørt. Eg sa berre: Hæ? Eg er veldig glad for det, seier Pablo som faktisk vurderte å ikkje sleppa låta.

- Eg tenkte at det ikkje var eit godt tidspunkt, men det var det tydelegvis. Eg blei jo Ukas urørt.

Første utanbys-konserten

I januar ventar tre spelejobbar, på Kvarteret, Lille Ole Bull og Stordfest - 100 dagar.

- I februar skal eg ha den første konserten utanfor Bergen. Då skal eg til Trondheim. Eg har vore der før, men ikkje spelt der, så det ser eg fram til. Som nemnt, kjem det store høgdepunktet i sommar. Då er det Bergenfest.

- Har du korte eller langsiktige mål med musikken?

- Klart eg drøymer om å leva av musikk. Vi får sjå kor langt eg kjem med dette prosjektet. Men det som er viktigast for meg, er å ha det kjekt, seier Pablo.

Namn: - Nicolas Pablo Rivera Munoz.

Alder: - 18 år.

Kjem frå: - Bergen. Flytta til Os for to år sidan.

Favoritt musikkgenre: - Indie pop.

Favorittband: - Blink 182.

Musikk som inspirerer: - Sondre Lerche, Artic Monkeys og Tyler, the Creator.