Kjetil Osablod Grønvigh håpar at kultureininga i Os og Os Rockeklubb kan stimulera til at så mange ungdom som mogleg får leva ut sine musikalske draumar. Musikkbingane kan vera første steg mot ei musikalsk karriere.
Kjetil Osablod Grønvigh håpar at kultureininga i Os og Os Rockeklubb kan stimulera til at så mange ungdom som mogleg får leva ut sine musikalske draumar. Musikkbingane kan vera første steg mot ei musikalsk karriere.

- Musikkbingane er ikkje berre for rockarane

Etter stor interesse i starten er det no ein del ledig tid i musikkbingane i Os. Kjetil Osablod Grønvigh minnar om at også andre enn rockarar kan nytta bingane.

Kulturkonsulenten i Os kommune og leiaren i Os Rockeklubb fortel at rockeinteressa generelt sett har vore nede i ein bølgjedal dei siste åra, og at dei også har merka det i Os.

- Eg har merka det litt på fleire felt - på medlemstala i rockeklubben, etterspurnaden etter øvingstid i bingane og ikkje minst på det talet rockedeltakar i dei siste års UKM (Ungdommens kulturmønstring), seier Kjetil Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ikkje ein lokal trend, men noko ein ser nasjonalt, så vel som internasjonalt. Det tradisjonelle rockebandet er, sett på spissen, erstatta med ein minnepenn og Youtube som konsertarena.

Han vedgår samstundes at fusingane ser ut til å ha fleire ungdomar med rocke-fot nett no enn Os.

- I siste UKM var det tydeleg. Då stilte fusingane med veldig mange fleire musikarar enn osingane. Men for all del. Eg synest også å sjå teikn til at me er på veg opp av bølgjedalen. I alle høve verkar det som musikk-interessa i bygda er gryande blant ungdomen, seier han.

For dei som ønskjer å øva med ekstra gode fasilitetar er Os Rockeklubb mykje ledig i helgane.
For dei som ønskjer å øva med ekstra gode fasilitetar er Os Rockeklubb mykje ledig i helgane.
Utstyret i musikkbingane er rimeleg bra. Dette Ludwig-slagverket er spesialdesigna av tatovøren frå LA-INK, Corey Miller.
Utstyret i musikkbingane er rimeleg bra. Dette Ludwig-slagverket er spesialdesigna av tatovøren frå LA-INK, Corey Miller.

Elektronika-generasjonen er velkomne

Av gamal vane har musikaren og kulturkonsulenten i Os ein sterk forkjærleik for dei som vel å laga musikk med "ekte" instrument, og spelar i lag i ei gruppe. Men det tyder ikkje at han ikkje også ønskjer velkomen den nye musikar-generasjonen, som nyttar andre verkty og lèt seg inspirera av andre stilarter enn rock.

- Musikkbingane er for alle som vil møtast å spela, syngja og øva. Om dei spelar elektronika, reggae eller rock spelar absolutt inga rolle for meg - musikk er musikk. For vårt vedkomande, då snakkar eg både som kulturkonsulent og leiar av rockeklubben, er me berre glade om ungdomen får utfalda seg, skapa musikk og ha det morosamt, seier Osablod Grønvigh.

Mykje ledig på Nore Neset

Per dags dato er det tre musikkbingar i Os - i Os sentrum (ved ungdomsskulen), på Søfteland og på Nore Neset. To av dei er godt brukte. Ein av dei har mykje ledig kapasitet.

- På Søftland er det full trøkk og rimeleg tett med band som øver. I bingen som står nedanfor Os ungdomsskule er det også bra med faste brukarar, men på Nore Neset står bingen ein del ledig. Så her må eg berre få oppfordra ungdomen på Nore Neset til å melda si interesse, seier Osablod Grønvigh.

I tillegg til å vera oppteken av å stimulera ungdom til å driva med musikk, er Osablod Grønvigh oppteken av kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har budsjett for å vedlikehalda utstyret som står i bingane i Os, og har vore flinke til å syta for at alt til ei kvar tid er i orden dei åra me har hatt desse bingane. Ungdommen har med andre ord eit ganske unikt tilbod.

Brukarane får eigarforhold

Osablod Grønvigh er kjapp med å leggja til at det ikkje er all verda med pengar dei legg ut på reparasjonar og vedlikehald. Største grunnen til det er flinke brukarar.

Sist fredag var Os og Fusaposten med han på inspeksjon i bingen på Osøyro. Synfaringa var absolutt tilfredsstillande.

- Dette er den eldste bingen me har. Me fekk han i 2010 og framleis ser han forholdsvis ny og fin ut. Kvifor? Jo, fordi folk bryr seg om å fara fint med plassen og utstyret. Brukarane får rett og slett eit eigarforhold til det, konstaterer han.

- Sjølv om du kallar det nybyrjar-utstyr, så er det rimeleg bra det som står her.

- Ja, jøss. Det er utstyr for 80.000 kroner og det låtar bra å spela her.

- Må ein ha eit band for å få nytta desse bingane?

- Nei, det kan til dømes vera ein gut eller jente som berre har eit brennande ønske om å læra å spela trommer. Om foreldra då ikkje har råd til å kjøpa slagverk, så kan dei kontakta rockeklubben, så kan me fiksa at dei får prøva seg litt, seier Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ledig i rockeklubben

Også i rockeklubben har dei merka mindre pågang etter øvingstid dei siste åra.

- Snittalderen på dei som øver i lokalet vårt i kjellaren på Kuventræ er rimeleg høg. Mange har familie, dermed vert det mest populært å øva i vekedagane. Resultatet av det er at lokalet stort sett står ledig heile helga, seier han.

No håpar han yngre musikarar, rockarar eller songskribentar nyttar høvet og bookar tid i kjellaren.

- Utstyret i bingane er bra, men mest av alt eigna for nybyrjarar. Det me har i Os rockeklubb er hakket opp - heilt sikkert inspirerande for ungdom som har spelt nokre år saman og vil satsa litt meir, seier leiaren i rockeklubben.