Nico & Vinz flyr frå Los Angeles for å vera med på Osfest-fredagen. Dei to erstattar Madcon.
Nico & Vinz flyr frå Los Angeles for å vera med på Osfest-fredagen. Dei to erstattar Madcon.

Nico & Vinz erstattar Madcon

Madcon blir ikkje å sjå på Osfest av private årsaker, men i staden kjem Nico & Vinz.

– 11. august flyr Nico & Vinz frå LA til grusbanen på Os og kjem til å laga eit forrykande show på Osfest 2017. Nico & Vinz er det næraste ein kjem hitgarantistar i Noreg, og det blir garantert god stemning når dei entrar scenen, skriv Tor Egil Hylland i ei pressemelding.

Madcon skal ha gleda seg stort til å spela på Osfest i år, men må grunna private årsaker melda avbod i år, men Hylland skriv i pressemeldinga at duoen blir å sjå på Osfest neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Herja hitlista

Nico & Vinz blei verdsberømte då låten «Am I Wrong» herja på hitlistene i 2014, og har sidan den gong levert hit etter hit. Am I Wrong suste rett inn på topplistene verda over med førsteplass i Storbritannia, fjerdeplass på den offisielle hitlista i USA, og topp 10 i over 20 land.

– Yttarst få norske artistar kan visa til ein liknande internasjonal suksess og berre Aha-klassikaren Take On Me har nådd høgare opp på den amerikanske hitlista, seier Hylland.