annonse

Ole Ivars med noko attåt

: Ole Ivars underheld på mange måter under "ALDRI FREåFÅ". Her frå eit av dei akustiske innslaga. (Alle (Foto: Arild Hansen)
: Ole Ivars slik me er mest vane med å sjå dei.
: Bassist og låtskrivar William Kristoffersen slik me absolutt ikkje er vane med å sjå han.

Etter over 50 år på vegen er Ole Ivars aktuelle med sitt første heilaftans show. «ALDRI FREåFÅ» kjem til Oseana tysdag 24. november.

Kenneth Svenningsen

Det blir ikkje første gongen at det folkekjære dansebandet entrer scenen i kulturhuset i Os. For dei som ikkje hugsar det var Ole Ivars på plass med dobbelkonsert i Oseana Kunst- og Kulturhus alt den første haustsesongen i 2011.

- Det var veldig morosamt. Første kvelden spelte me for over 500 menneske med nedsett funksjonsevne. Dagen etter var det vanleg dansegalla, fortel låtskrivar og bassist i Ole Ivars, William Kristoffersen.

Ikkje berre intern humor

Showet dei no er tilbake med er kalla «ALDRI FREåFÅ» og hadde premiere på Jessheim tidleg i september.

- Når me kjem til Os, har me berre hatt 8-9 framsyningar, så showet vil framleis vera rimeleg ferskt. Men eg trur folk har noko å gleda seg til. Tilbakemeldingane me har fått til no har berre vore gode, og me har stort sett spelt for fulle huse heile vegen, seier Kristoffersen.

Han fortel at ideen om å laga ein konsert med noko attåt dukka opp mot slutten av 50-års-jubileums-turen i fjor.

- Då hadde me ein kar ved namn Jørn Kolsrud som konferansier. Han spelte mellom anna av nokre tidlegare intervju med oss som slo godt an blant publkum. Det var humor som me i bandet oppfatta som intern humor, men som viste seg å fengja andre også. Dette gav grobotn for å skriva framsyninga «ALDRI FREåFÅ».

Ut av det blå

Låstskrivar Kristoffersen roar alle svorne Ole Ivars-fans i Os og omeign med at det sjølvsagt også er via rikeleg med tid til å spela dei mest kjente låtane.

- Me er innom 33 av våre mest kjente. Nokre av dei kjem i medley- eller akustisk form, men "hitane" er i alle høve med, humrar mannen som sjølv har stått bak over 95 prosent av alle låtane bandet har spelt inn.

- Desse humor-innslaga, er dei knytt til låtane?

- Hehe, nei. Overhovudet ikkje. Innslaga er berre underfundige sketsjar, med tema tekne heilt ut av det blå, ler Kristoffersen.

Han vedgår at det tok tid å få gjengen klar for denne turneen.

- Me måtte jo øva på ein heilt annan måte enn tidlegare. Fleire av oss hadde jo aldri framført ein dialog, eller ein replikk i noko som helst samanheng tidlegare. Keyboardisten og trommisen vår sleit fælt med å hugsa replikkane sine, humrar bassisten.

Musikalsk fokus

Også som låtskrivar er Kristoffersen veldig nøgd med konseptet på denne turneen.

- Du må hugsa på at me har spelt i kvar ein krinkelkrok i Noreg i over 50 år, og at me i brorparten av tilfella har kriga for å få den fulle merksemd blant til tider svært feststemte folk. Med denne turneen vert det heilt annleis. Her sit folk tilbakelent i "kinostolar" i kulturhus. Dermed får både bandet og låtane høve til å skina ordentleg igjennom. Dessutan gjev konseptet rikeleg med høve for allsong. Det siste er noko me alltid sett pris på, konstaterer Kristoffersen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.