Serlina Wiig Sulebakk (18) gav i tidlegare i år ut låta «Eg digger deg». Denne og andre hits får du sjansen til å høyra på Vinnesfestivalen sin tordag laurdag 23. juni.
Serlina Wiig Sulebakk (18) gav i tidlegare i år ut låta «Eg digger deg». Denne og andre hits får du sjansen til å høyra på Vinnesfestivalen sin tordag laurdag 23. juni.

Serlina: «Målløs» på Vinnesholmen

Bergensartisten Serlina Wiig Sulebakk (18) skal underhalda store og små på Vinnesfestivalen sin torgdag laurdag 23. juni.

Det avslører festivalsjef Werner Skaathun.

– Det er utroleg kjekt å kunna ønskja Serlina velkomen til Vinnesfestivalen sin torgdag. Dette er noko me har gledd oss til å fortelja ettersom me legg stor vekt på at torgdagen skal være ein dag for både store og små. Serlina er alt blitt ei popprinsesse i Noreg, og me ser fram til å få ho på besøk, seier Skaathun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan Serlina slo gjennom med hiten «Målløs» med Skei & PT for snart to år sidan, har ho ifølgje ei pressemelding frå Vinnesfestivalen gjort stor suksess som songar og låtskrivar. «Målløs» er strømma over 5,1 millionar gongar på Spotify, og oppfølgjaren «Puste under vann» nærmar seg dei same tala.

– Det er ikkje berre ungdomen som kan Serlina sine låtar. Låtane har blitt spela så mykje på radio at også dei litt opp i åra kjenner dei att, påpeikar Skaathun.

Ny hit?

Trass sin unge alder, byrjar bergensjenta etter kvart å få mykje erfaring. I 2016 var Serlina med i TV 2-programmet «The Stream», og for kort tid sidan delte ho scene med blant andre Donkeyboy, Nico & Vinz, Madcon og CLMD, då P4 inviterte til sin 13. Vinterlyd-turné.

På Vinnesfestivalen stiller Serlina med både musikarar og DJ. Popprinsessa lovar mange hits frå scenekanten, deriblant den nye låten hennar «Eg digger deg».

– «Eg digger deg» er ein klassisk «feel-good»-låt som garantert vert mykje spelt gjennom sommarmånadene, heiter det i pressemeldinga.

Familiearrangement

Torgdagen på Vinnesfestivalen er berekna på heile familien. Arrangementet er gratis, og i tillegg til musikken frå scena, kan publikum mellom anna ta del i diverse konkurransar, hoppa i hoppeslott, og sikra seg ulike godsaker frå fjern og nær.

– Torgdagen er eit familiearrangement. Då er det perfekt for oss at Serlina kjem. No har me store artistar både på dag- og kveldstid, og det er me utruleg nøgde med, seier Skaathun og legg til:

– Me kjem tilbake med meir informasjon om kva som hender på torgdagen etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forutan Serlina har Vinnesfestivalen Donkeyboy, Jan Eggum og HotShots på plakaten. Dei tre sistnemnte skal opptre på kveldstid.

– Det ser veldig lovande ut. Mer er i ferd med å gjera oss klare for tidenes festival på Vinnesholmen, seier festivalsjefen.

camilla.kvamme@osogfusa.no