Kari-Anne Mandelid (28) har drive teatergruppe for born på Nore Neset i om lag tre månader. (Alle
Kari-Anne Mandelid (28) har drive teatergruppe for born på Nore Neset i om lag tre månader. (Alle

Skal parodiera læraren

Søndag står 20 teaterskuleborn på scena i Symrasalen med heimelaga framsyning. Ei av jentene skal til og med parodiera teaterinstruktør Kari-Anne Mandelid.

- Ho kjem til å ta han heilt ut, så det blir knallbra. Men ho har mykje tekst å pugga, stakkars, smiler teaterinstruktør Kari-Anne Mandelid om å skulla bli parodiert av ein av sine eigne elevar.

- Det krev si jente å pugga vanskelege ord som improvisasjon, mimikk og kroppsspråk. Til gjengjeld vil det likna på meg og bli veldig morosamt, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er berre fem dagar til 20 elevar i Teatergruppa for barn på Nore Neset går på scena for å spela heimelaga teater for inviterte foreldre og vener. I denne omgang vert det ikkje ei open framsyning.

Fyrste akt tek sikte på å gje svar på spørsmålet alle foreldra stadig stiller: Kva har de eigentleg gjort på teaterskulen i haust?

Dermed blir det både glimt frå vanlege øvingar til attskaping av koreograf-besøk. Manuset er det Mandelid sjølv som står for.

Niklas Lund Helgesen (8) ikledd kostyme a la London 1840.
Niklas Lund Helgesen (8) ikledd kostyme a la London 1840.
Frå onsdagens generalprøve.
Frå onsdagens generalprøve.

- Borna skal spela seg sjølve. Vi håpar det vert riktig så underhaldande for publikum å sjå på.

Kjende teaterstykke

Andre akt tek føre seg framtida til skodespelarspirene og byr på scener frå kjende teaterstykke.

- Men eg vil ikkje røpa kva for nokon. Det må bli ei overrasking, seier Mandelid.

Det er seks år sidan Mandelid flytta frå Bergen til Nore Neset. Med på flyttelasset hadde ho lang fartstid frå Fyllingsdalen Teater og ein bachelor i teatervitskap frå Universitetet i Bergen.

- Teater har alltid vore min store lidenskap. Difor sa eg til Susan Askvik (revyveteran og styreleiar i Nore Neset Grendalag, journ. mrk) at om eg hadde vunne i Lotto, ville eg ha starta ein teaterskule for born. Då svara Susan at eg ikkje trengde å vinna i Lotto: "Symrasalen er her. Det er berre å begynna. Vi skal støtta deg".

Artikkelen held fram under annonsen.

London

I september var teaterskulen ein realitet. Og så seint som 1. november byrja planlegginga av førjulsshowet.

- Eg såg for meg at vi skulle laga ei bittelita framsyning, men alle borna ville synga, dansa og spela på scena. Alle må få skina litt, så då blir framsyninga på godt og vel ein time, smiler Mandelid.

Både små og store har stått på for å snekra saman framsyninga. Mandelid skryter av born som jobbar hardt og godt samarbeid med foreldra.

- Det er stas når foreldre endevender huset på leit etter kostyme som kan passa til London anno 1840, for så å senda MMS med spørsmålet "kan dette passa?"

Fullt

Dei 17 jentene og tre gutane i Teatergruppa for born er mellom 8 og 12 år. Dei aller fleste kjem frå Nore Neset.

- Planen for 2016 er å halda fram med det utrulege vi har skapt her.

- Er det plass til fleire elevar?

- Ikkje førebels. Grensa er 20. Så om vi skal ta inn nye til våren eller hausten, må det vera fordi nokon av dei som er med no sluttar, seier Mandelid som stort sett er åleine med ansvaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har fått god hjelp frå Susan Askvik. I tillegg har sønene hennar hjelpt meg ein del. Det har gått bra så langt, men ofte tenkjer eg at det skulle ha vore to av meg, ler Mandelid.