Donkeyboy kjem til Vinnesfestivalen i år. (Foto. Christian Bastiansen)
Donkeyboy kjem til Vinnesfestivalen i år. (Foto. Christian Bastiansen)

Slår på stortromma i jubileumsåret

Vinnesfestivalen feirar 10-års jubileum ved å slå på stortromma, og gjer sin største booking til no. Donkeyboy kjem til Vinnes i juni.

– Donkeyboy, med 32 platinatrofèar og 200 millionar streams berre i Noreg, tar med seg hitkavalkaden sin til Vinnesholmen og skal laga eit show ein seint kjem til å gløyma, skriv festivalleiinga i ei pressemelding.

Høgaktuelle

Donkeyboy slo gjennom med eit brak i 2009 med Ambitions og har sidan den gong følgt opp med hits som City Boy, Something Normal, Sometimes, Triggerfinger, Hero og Downtown.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har gleda oss ei god stund til å annonsera at Donkeyboy kjem til festivalen. Ikkje berre har Donkeyboy gitt oss hits på rad og rekke, men dei er også høgaktuelle med nye låtar siste tida, seier festivalsjef Werner Skaathun og held fram:

– Bandet, som inneheld Kent, Cato, Peter og Thomas, tek med eit stort crew og skal skapa det største showet Vinnesholmen har sett til dags dato.

Stor produksjon

Produksjonen blir mykje større enn kva dei er vane med på Vinnesfestivalen.

– Mellom anna blir det så stor lysproduksjon at managementet ber oss om å åtvara publikum om dette før showet startar. Det seier sitt, seier Skaathun og legg til:

– Det set store krav til oss som arrangør. Vi må byggja ut store delar av produksjonen for å få det til å gå opp, men det er slik som dette vi synast er kjekt. Utfordringa tek vi med glede.

Buss og båt

Vinnesfestivalen set også i år opp transport over fjorden. I åer det er MS Midthordland som har ansvaret for å gje festivaldeltakarane ein flott start og slutt på opplevinga på Vinnesholmen.

– Vi trur at dette kjem til å samla mykje folk både frå nærmiljøet, men også distriktet kring. Blant anna har vi sett opp MS Midthordland som skal ta publikum frå Baldersheim til Os og direkte til Vinnesholmen, med retur etter siste artist har gått av scenen. Vi har også sett opp buss frå Holmefjord og Holdhus, med retur samstundes som båten går, seier Skaathun.

Jan Eggum og HotShots

Ut over Donkeyboy, er det også klart at Jan Eggum kjem til årets festival. Han skal starta kveldsarrangementet. HotShots kjem til å avslutta festivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er godt nøgde med at Jan Eggum vil starta kvelden hos oss. Han har ein drøss med kjende låtar i registeret sitt og er kjend for måten han knyter kontakt med publikum. HotShots kjem til å lyfta taket ut over natta, så det blir ei verdig avslutning på ein utruleg flott dag. Det kjem fleire slepp i tida framover, mellom anna ein kjempefin artist for dei yngre på torgdagen vår, seier Skaathun.

Fakta om Vinnesfestivalen:

– Vinnesfestival er driven utelukkande på frivillig basis og vert halden mellom 22. og 24. juni i år.

* Festivalstyret består i år av Werner Skaathun, Therese Teige Nielsen og Kristin Almås.

*Vinnesfestivalen legg stor vekt på å vera for alle som ønskjer å delta, frå små til stor.

*Vinnesfestivalen arrangerer også torgdag laurdag 23. juni mellom 10:30 og 15:30. Arrangementet er gratis.