Torsdag spelte Sleepwalkers på førpremieren til filmen på Bergen kino.
Torsdag spelte Sleepwalkers på førpremieren til filmen på Bergen kino.

Sleepwalkers på scenen og på lerret

Fusa-bandet skal søndag halda gratiskonsert i Oseana før visinga av filmen Los Bando, som bandet medverkar i.

Ungdomane frå Fusa skal på scenen før filmen startar søndag ettermiddag. Sleepwalkers vann deltaking i filmen etter UKM i fjor. Det gjorde også bandet Ramaskrik. Dei to vann i konkurransen kor 67 deltakarar melde seg på.

– Den norske barne- og ungdomsfilmen Los Bando er ein vakker roadmovie gjennom Noreg, der fire ungdomar mot alle odds legg ut på ei eventyrleg reise for å oppfylla sine draumar. Med rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet, må bandet bryta fleire lovar og reglar for å rekkja fram til NM i rock. Turen nordover skal by på fleire problem og utfordringar, skriv Agnes Smørholm i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Sleepwalkers – som spelar rolla som bandet som vann NM i rock i filmen – handlar også filmen om å vekkja rockeinteressa hjå dei unge. Sjølvaste Hank von Helvete frå Turbonegro dukkar opp i ei birolle for å proklamera at rocken er død.

Sleepwalkers består av Natasja Smørholm på vokal, Marius Nilsen Kleppe på elgitar, Even Engevik Lygre på elgitar, Andreas Nilsen Kleppe på bassgitar og Idar Rolland på slagverk.