Ove Gaassand har spelt med Leif Einar Lothe, alias Lothepus, sidan oddingen starta å turnera. Denne våren og sommaren står speleoppdraga i kø for dei to. (Privat foto)
Ove Gaassand har spelt med Leif Einar Lothe, alias Lothepus, sidan oddingen starta å turnera. Denne våren og sommaren står speleoppdraga i kø for dei to. (Privat foto)

Spelar for hordar av folk med Lothepus

Osingen Ove Gaassand har vore med på heile det musikalske sirkuset med Lothepus. Til sommaren spelar dei for tusenvis i Bergen og på Tysnesfest.

Etter at han vann Kjendis-Farmen er det knapt ei sjel i Noreg som ikkje veit kven Lothepus er, men at han også spelar i band og har fleire musikalske oppdrag, kan kanskje koma overraskande på nokon, sjølv om dette har vore godt dokumentert i TV-serien «Fjorden Cowboys».

Bandmedlem og osing Ove Gaassand, seier dette om entertaineren Lothepus og hans musikalske talent.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han har mjukna litt opp med åra, men det er klart: Leifen er berre seg sjølv, og ein vert ikkje frontman i band sånn utan å øva. Nokre gonger vert han litt stiv når han står framfor mange hundre folk, men han brukar å tina opp litt utover i kon-sertane, humrar keyboardist Ove Gaassand.

Gigascener

Og hundrevis av folk vert det garantert denne sommaren. Til og med tusenvis.

- Hehe, ja, me er booka til ein del store jobbar denne sommaren. Først skal me spela på Bergenhus i Bergen laurdag 3. juni. Deretter spelar me framfor endå fleire når me skal på hovudscenen på Tysnesfest torsdag 13. juli, fortel Gaassand som voks opp på Søfteland.

Medan Bergenhus-jobben vert Lothepus-bandets største enkeltkonsert, vert Tysnesfest den konserten der dei spelar for flest folk på ei og same tid.

- Det er ikkje rett som TV2 sa sist veke at me skal spela på Bergenhus festning. Det rette er at me skal spela på Bastionen. Der er det litt mindre og berre plass til kring 3.000 framfor scenen, sjølv om det også er mykje, seier Gaassand.

Til å varma opp for Lothepus-bandet kjem Reidar & De. Eit band Ove Gaassand tilfeldigvis også spelar i.

- Ja, tru meg. Det var heilt tilfeldig, men svært så kjekt. For meg blir det dobbel løn den kvelden. Det blir berre å spela, byta skjorte, og spela igjen, ler søftelendingen, som med åra er blitt ein svært etterspurd musikar.

I tillegg til å spela med Lothepus og Reidar og De, spelar han med BB Lyngs Bluesband, Dag Bergesen Band, JO and The Fast Hands og Capt. Kane & Big Trouble (countryband frå Haugesund).

Artikkelen held fram under annonsen.

Med tanke på Leif Einars sceneskrekk tenkjer Gaassand at Tysnesfest-opppgåva blir størst.

- Me har spelt på Tysnesfest tidlegare, men dette blir første gong me spelar på hovudscenen. Framfor oss er det plass til 6.000-7.000 publikumarar. Det blir morosamt. I alle høve for oss fire andre i bandet, ler Ove.

Vore med sidan starten

Lothepus, eller Leif Einar Lothe, som han eigentleg heiter starta si musikalske karriere for alvor i 2014, i same rennet som Fjorden Cowboys-serien på TVZebra byrja å ta av.

Det første steget ut i musikkverda var studioalbumet «Cowboyhjerte». Ove var med og bidrog.

- Plata vart produsert av ein kompis av meg, Alvin Vestrheim, i studioet hans i Øystese. Då plata vart ein sukess, måtte Leif Einar etter kvart også ha eit band, og der var eg så heldig at eg fekk vera med, seier Ove, som i dag er blant fire faste medmusikantar til sprengningsbasen frå Hardanger.

- Har han eigentleg noko musikalsk talent, eller er det berre jippo og show?

- Jaudå, han syng faktisk ganske bra når han berre får konsentrert seg, og innimellom lagar han fine tekstar også, sjølv om det i hovudsak er Vidar Berge som lagar låtane, seier keyboardisten.

Tek jobben seriøst

- Korleis er Leif Einar som person å ferdast rundt med?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig kjekt. Han er nett så uhøgtideleg og jordnær som me ser han på TV. Ein veldig hyggjeleg kar.

- Har han og de tid til å øva inn låtane godt før årets festival-sommar?

- Ja, både me og Leif Einar tek jobben svært seriøst. Me skal øva litt no framover og få inn nokre nye songar. I tillegg har me blitt flinke til å samkøyra oss litt før konsertane. Det er ikkje lenger slik at me berre møtest på scenen og gjeve gass. Me må vera godt førebudde, konstaterer Gaassand.