Ole Tobias Lindeberg og Christian Breistein er glade for å meddela at Os kulturskule frå hausten av får eiga line for visuelle fag.
Ole Tobias Lindeberg og Christian Breistein er glade for å meddela at Os kulturskule frå hausten av får eiga line for visuelle fag.

Startar undvervisning i visuelle fag

Til hausten vil Os kulturskule tilby undervisning i visuelle fag. Men alt no inviterer dei til ein aldri så liten forsmak på faget.

- Me har i lengre tid jobba med å få til eit tilbod for visuelle fag her på kulturskulen vår i Oseana, men det har teke litt tid å få alle bitane på plass, seier rektor Christian Breistein.

Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg er glad dei snart har tilbodet klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, med den kulturskatten me har her i form av Griegsamlinga og resten av kunsten på huset, så har eg alltid tenkt at me burde ha eit kulturskule-tilbod innanfor kunst. No blir det ei ordning med det, seier Lindeberg.

Søknadsfrist 1. april

Tilbodet vil bli gjort gjeldande frå hausten av, men for born som vil koma inn på den nye lina, må ein handla raskt. Søknadsfristen er 1. april.

- Kor mange plassar me kjem til å ha på denne lina er førebels uvisst. Det må me nesten sjå litt på etter kvart, seier rektor Breistein.

Det vart ei flott vårutstilling i 2015. Laurdag 13. mai er det klart for ny barneutstilling (Fylkesutstillinga) i Griegsamlinga i Oseana.
Det vart ei flott vårutstilling i 2015. Laurdag 13. mai er det klart for ny barneutstilling (Fylkesutstillinga) i Griegsamlinga i Oseana.
I forkant av vårutstillinga i 2015 fekk born i Os høve til å vera med på eit lite forkurs og stilla ut sjølv. I år vil forkurset før barneutstillinga gå over sju veker.
I forkant av vårutstillinga i 2015 fekk born i Os høve til å vera med på eit lite forkurs og stilla ut sjølv. I år vil forkurset før barneutstillinga gå over sju veker.

Han legg til at det i hovudsak blir snakk om undervisning i biletkunst og skulptur.

- Me veit godt at det er interesse for desse faga her i Os. For to år sidan arrangerte me Vårutstilling i samarbeid med Bergen kulturskule. Då hadde me eit intensivt forkurs her på huset. Det vart fullteikna med ein gong.

Ansvarleg for friskunsten

Utlysing av stilling for den nye lina er også i kjømda.

- Me kjem til å søkja etter ein person som har utdanning/erfaring frå arbeid med visuell kunst, primært biletkunst og skulpturarbeid, seier Breistein.

- Ja, og samstundes skal vedkomande som kjem inn ha ansvaret for Friskunst-bolken vår her på huset, seier Lindeberg, før han utdjupar ytterlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kjem framleis til å formidla kunst og kultur på skulane i krinsen gjennom Friskunst-prosjektet, men i tillegg til dette vil me altså ha eigne Friskunst-arrangement her på huset. Til denne jobben vil instruktøren frå visuelle fag få ansvaret.

Friskunst-prosjektet er eit samarbeid mellom Oseana, Os kommune og Kavlifondet.

Fylkesutstilling i Oseana

Som ein forsmak på det komande nye tilbodet til Os kulturskule, vert det denne våren høve til å få vera med på eit intensivkurs i visuelle fag på Nore Neset ungdomsskule.

Kurset er spesielt retta mot Fylkesutstillinga som Oseana arrangerer i eige hus laurdag 13. mai i lag med Bergen kulturskule. Det er no mogleg å søkja på kurset via Os kulturskule sin heimesider. Her er det første mann til mølla.

- Det blir ei slags oppfølging til vårutstillinga som me hadde her i 2015. Den gongen var det fullt hus. Det både håpar og trur me på no også, seier Lindeberg.