Hungry John som i si tid starta Bergen Blues Band og den nye store bluesvokalisten på Vestlandet, Geir Mæhle ,blir begge gjester denne kvelden.
Hungry John som i si tid starta Bergen Blues Band og den nye store bluesvokalisten på Vestlandet, Geir Mæhle ,blir begge gjester denne kvelden.

Store namn på plakaten

To store namn er på plakaten til årets påskeblues på Peppes.

Hungry John som i si tid starta Bergen Blues Band og den nye store bluesvokalisten på Vestlandet, Geir Mæhle ,blir begge gjester denne kvelden.

- Backing band blir Bergen Blues-funkers med ikkje ukjente Kai Taule på bass og Magne Trengereid på trommer, fortel ein oppglødd primus motor, Dag Bergesen som omtalar seg sjølv som hjelpegitarist. Osingen Steinar Lyssand blir tradisjonen tru også med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hungry John er ein av dei mest røynde bluesmusikarane i landet. Han starta sitt fyrste bluesband, Green Onions, i 1966. I 1975 starta han Bergen Blues Train som har gjeve ut fleire plater. I 1985 vart han med i bandet Hungry John and The Blue Shadows som han turnerte i fleire år med.

- For mange i bluesmiljøet er han kongen i Noreg innan blues, konstaterer Bergesen.

Geir Mæhle er for tida ein av dei mest populære bluesvokalistane på Vestlandet og syng med en rekke band.

- Han er noko av det råaste vi kan få på ein scene. Med desse to gjestene og det fantastiske bandet i ryggen kjem dette til å svinga langt ut i de små timar, lokkar Bergesen.

Arrangementet går av stabelen 8. april.