Blant dei som får midlar i 2017, er Gutehandballdagen som Øyglimt IL m/fl. står bak.
Blant dei som får midlar i 2017, er Gutehandballdagen som Øyglimt IL m/fl. står bak.

Strøydde ut tusenlappar over frivillig sektor

KUP-millionen vart tysdag fordelt ut over kultur, sport og andre aktivitetar der frivillige står i bresjen. Sjå heile oversikta her!

Kvart år deler formannskapet ut ein mill. kroner til ymse allmennyttige føremål. KUP står for Kultur- og utviklingsprogram, og særleg frivillig sektor står bak søknadene. Ein og annan søknad står også kommunale føretak som Oseana og Osbadet bak, då gjerne når det er nye prosjekt ein ønskjer å prøva ut. Til dømes søkte Osbadet i år om støtte til innkjøp av utstyr til nattbading, og Oseana til Ufest 2018.

64 aktørar søkte om 3 mill.

Ordførar Marie Bruarøy skrytte av det allsidige kulturlivet i bygda som ein kan lesa ut av dei 64 søknadene. 2,97 mill. kroner var søkt om, og 1 mill. kroner skulle delast ut. Summane vart til slutt fordelt ut over 63 søkjarar (Berekraftige Liv på Os sin søknad om 37.000 kroner til parsellhage vart ikkje tilgodesett, truleg fordi søknaden vart levert etter søknadsfristen).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg kjekt å kunna prioritera frivilligheita og kulturlivet vårt på denne måten. Me ser at søknadene totalt sett treff dei fleste aldersgrupper og interessefelt. Det er kjekt å kunna hjelpa til i ein for mange trong økonomisk kvardag, sa ordføraren.

Desse får pengar:

Politikarane røysta samrøystes for framlegget som var utarbeidd av ei eiga arbeidsgruppe beståande av Marie Bruarøy (H), Laila Reiertsen (Frp) og Helge Steinum (Ap):

ol@osogfusa.no