Kjetil Osablod Grønvigh, Tove Hille og Stine Kobbeltvedt.
Kjetil Osablod Grønvigh, Tove Hille og Stine Kobbeltvedt.

Tek sats og lovar uforgløymeleg oppleving

Os Frivilligsentral slår på stortromma for å markera 10-årsjubileet. Torsdag blir det fest i Oseana for alle frivillige som har bidrege sidan oppstarten i 2007.

– Dei andre åra har vi hatt full buffe. I år er det ikkje mat på menyen, men oppleving. Ei oppleving utan om det vanlege, seier leiar i frivilligsentralen, Tove Hille.

Drøymer om billettar

Hille har saman med Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh jobba i lang tid for å laga fest for å heidra dei frivillige i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Markeringa er planlagt sidan før jul. Eg tenkte at det nok ikkje kom til å bli plass til alle i Kløvertun, så vi leigde amfiet i Oseana. Det var nok mange som blei sjokka då vi sa at vi skulle klara å fylla amfiet, men det ser ikkje ut til å bli noko problem, seier Hille.

Torsdagens jubileum i Oseana er for å gje noko attende til alle dei frivillige i Os som stadig stiller opp.

– Alle gir noko heile tida. Det er ikkje grenser for kven som gir. Vi opplever ikkje noko anna enn positivitet, og frivilligheiten i Os står sterkt, seier Hille.

Kobbeltvedt, Hille og Osablod Grønvigh har kome med ville idear, som blir sett ut i livet torsdag.
Kobbeltvedt, Hille og Osablod Grønvigh har kome med ville idear, som blir sett ut i livet torsdag.

Alle frivillige, lag og organisasjonar, og samarbeidspartnarar er inviterte. Ingen skal vera gløymde.

– Tove har eit vanvittig system. Om det er ein person som jobba ein time i 2009, så har Tove notert seg namnet. Ho har drøymd, ete og sove billettar den siste tida, seier Osablod Grønvigh.

Det kan Hille skriva under på.

– Det var heilt forferdeleg i natt. Eg drøymde at eg lova alle som hadde fått billett at dei kunne koma til ei dame som syng i Fonos og er frisør, så ville ho gje gratis hårklipp til dei. Eg tenkte, kva er det no vi har lova, seier Hille og ler.

Nye konstellasjonar

Kobbeltvedt fortel at det har blitt lange dagar og mange timar med arrangering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje logistikk. Førre veke blei Tove og eg berre mørkare og mørkare under auga. Det er kliss opp i 8. og 17. mai også, seier Kobbeltvedt.

– Mai er ein fin månad å arrangera ting, skyr Osablod Grønvigh inn.

Dei tre er klare på at publikum kjem til å få seg ei uforgløymeleg oppleving. Det vil vera kjende andlet på scenen, men mange av dei kjem til å gjera ting ein ikkje forventar.

– Innhaldet i showet er ei overrasking. Felles for alle, er at dei i ei eller annan form har vore med og gjort noko for frivilligsentralen, seier Hille.

– Kan de gje eit eksempel på kva de meiner med at dei på scenen skal gjera ting ein ikkje forventar?

– Det kan til dømes vera at dei skal syngja med nokon dei ikkje har sunge med før. Det blir nye konstellasjonar. Vi skal visa mangfaldet i frivilligheita, seier Osablod Grønvigh.

Ifølgje Tove er programmet eit speilbilete av komiteen.

– Vi har hatt nokre ville idear, men vi dyssar ikkje kvarandre ned. Vi hausar kvarandre opp. Alt går heim. Det er artig å planleggja, sjølv om det er mykje arbeid. Vi blir inspirerte av kvarandre, seier Hille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 100 aktørar

Det har ikkje vore eit problem å få folk til å bidra på scenen. Dei som har blitt spurt, har takka ja. Komiteen har kome med bestilling til dei enkelte, som alle har takka ja. Nokre har ringt attende både ein, to og fleire gonger for å få bekrefta kva dei skulle gjera. Det er tydeleg at trekløveret har noko spanande på gang.

– Vi gler oss til generalprøven i morgon. Det er mykje som skal skje torsdag som må prøvast ut i morgon. Det er litt HMS inne i biletet også. Ingen må ramla og skada seg, seier Osablod Grønvigh.

Generalprøven er den einaste øvinga dei nye konstellasjonane får før det brakar laus torsdag.

– Alle har fått vita kva dei skal gjera. Med over 100 aktørar er det ikkje lett å få samla alle. Det er flinke folk, så det skal nok gå bra, seier Kobbeltvedt.

– Alle generalprøvar skal gå dårleg, så vi håpar det går dårleg i morgon for då strammar det seg til torsdag, seier Osablod Grønvigh.

81 minutt med show

Verre er det for konferansierane, vertinnene og hjarteleg til stades – Hille og Kobbeltvedt. Dei får ingen gjennomgang.

– Vi skal også gjera ting Me ikkje plar gjera, i alle fall eg, seier Kobbeltvedt og legg til:

– Det skal vel du også, Kjetil?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg har blitt snakka inn i noko. Det blir ein ny episode av Kjetil gjer ting han ikkje kan.

Alle inviterte har fått tilsendt personlege invitasjonar om at dei kan gå og henta ut billettar på Oseana. Tilsette på Oseana har meldt attende at dei som har henta ut billettar gler seg veldig til showet.

– Det er veldig kjekt. Det står ingenting om kva vi skal gjera. For alt dei veit er det berre eit foredrag, men det er det jo ikkje, seier Hille.

Programmet varer i 81 minutt.

– Det var 75 minutt, men etter siste oppteljing er det 81 minutt. Det er viktig at det ikkje dreg ut for lenge, og at nokon snakkar seg ut på viddene, for sjølv seta på Oseana kan bli vonde å sitja i, seier Osablod Grønvigh.

Etter at alle invitasjonar er sendt ut, er det om lag 40 fribillettar att. Ein kan sikra seg billettar på Oseana.

– Vi er mykje på farten her, så for å ikkje risikera at nokon kjem til stengde dører, er billettane lagt i Oseana. Det er berre å ta kontakt der, så får ein billett, så langt det rekkjer, seier Hille.

På programmet

Desse skal stå for underhaldninga torsdag: Eirik Søfteland, Tom Erik Hennes, Os Spellemannslag, Fonos, Marie Bruarøy, Øyvind Gjerde, Knut Vidar Garlid, Os Swingklubb, Kjersti Anthun, Inge Hjertaas, Hans Marius Johnsen, Gina Aspenes, Oselvarlaget og Os Mannskor.

Artikkelen held fram under annonsen.

benjamin@osogfusa.no