annonse

Tid for å foreviga Os-identiteten

: Torkjell Rød og Karoline Hille Nordstrønen er etterspurde tatovører i Bergen. Laurdag kjem dei til gamlebygda Os for å styrkja lokal-identiteten.
: Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh med Torkjell Røds forslag til Os-tatoveringar.

Lokalfødde kroppskunstnarar er tinga inn for å gje osingane varig Os-identitet under Oselvarfestivalen laurdag.

Kenneth Svenningsen

- Sjømannsliv og tatoveringar høyrer saman. Kvifor skal ikkje Oslevarfestivalen tilby Os-tatoveringar, undrar Kjetil og Stine.

Det var fleire som vart overraska då Os og Fusaposten for eit par veker sidan avslørte at Os kommune planla ein tatoverings-stand i samband med årets Oselvarfestival.

- Det var eit par som vart litt provoserte, men mest av alt har me fått meldingar om at folk synest det er eit artig initiativ, fortel kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.

Musikk og tatoo

I samband med det store sjølivsarrangementet vil kulturkonsulentane laga til ei aldri så lita musikk- og tatoo-avdeling i andrehøgda av Oselvarnaustet. Her kjem det både tatovørar og musikarar.

- Det er kjekt å finna på litt nytt. Oselvarfestivalen er flott nok i seg sjølv, men litt ekstra tilbod i tilknyting til arrangementet skadar ikkje, seier Osablod Grønvigh.

Tatovørane som skal i aksjon på laurdag er sjølvsagt osingar dei også.

- Me får med oss Torkjell Rød frå Let's Buzz og Karoline Hille Nordstrønen frå Leading Light. Dette er flinke tatovørar som har med seg eigne tatoveringar, spesielt laga for dette høvet, fortel Osablod Grønvigh.

Temaet er Os-identitet.

- Torkjell har alt sendt oss fleire forslag. Her har du Oselvar-tatoo, Undino-tattoo, kommunevåpenet vårt som tatoo, Møsnuken-postkassen og fleire andre. Mykje artig, fortel Kjetil og Stine.

For å setja stemninga i laurdagens tattoo-studio har arrangørane invitert Kurt Røttingen, Steinar Lyssand og Leif Østrem for å tonesetja timane med kroppsdekorering.

Hamnesjef-tatoo

Då Os og Fusaposten var bortom torsdag ettermiddag, var teikneforslaga til Karoline ikkje komne fram.

- Ho er godt i gang. Eg trur ho har nokre gode idear, skyt Karolines mor, Tove Hille inn, frå naborommet i det gamle kommunehuset.

- Kanskje ho kunne ha laga eit utkast til ein hamnesjefen-tatoo, foreslår Kjetil og Stine.

- Det kan jo henda. Eg skal i alle høve overbringa ønsket, humrar Hille.

Det mellombelse tatoo-studioet vert også ope for skodelystne.

- Det er meininga at det skal vera litt lounge-stemning der. Ikkje at dei som skal tatoverast skal vera på utstilling, men om dei ikkje har noko imot det, finst det sikkert nokon som synest det er interessant å sjå korleis våre lokale tatovørar arbeidar, seier Osablod Grønvigh.

Fleire ro-lag

Elles er det meste for helgas arrangement i Os på stell.

- Me trur det blir ein fin dag med mange aktivitetar og god underhaldning. Det einaste me kunne tenkt oss var litt fleire deltakarar til Oselvar-kapproinga. Om nokon har ein uløyst konflikt med ein annan, er det berre å utfordra vedkomande og ta plass i kvar sin båt, avsluttar Osablod Grønvigh.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut