annonse

Tweens-kor inviterer deg til å bli med

Dirigent Gro Helen Skjælaaen med koret Os Tweensing, som bl.a. består av
Os Tweensing: Ina Marie Aadland (oppe til venstre), Malin Riple Rødberg, Embla Ulvatne, Karoline Hjartåker, Julie Langhelle, Hilde Nilsen, Astrid Blindheim Skjælaaen, Isak Riple Rødberg og Kristin Hesjedal. (Foto: Øystein Lid)

– Det er veldig sosialt og kjekt å bli flinkare til å syngja, seier Ina Marie Aadland, som er ein av medlemmene i koret Os Tweensing som sundag held påskekonsert.

  • Øystein Lid

Me møter koret i Os kyrkje der dei øver saman med band på konserten som finn stad førstkomande sundag. Dei syng Gabrielle-låten «Vekk meg opp», som bl.a. kommenterer kva omfattande mobilbruk gjer med oss:

«Og eg trengar’sje se verden når alt eg har lyst å se e meg sjøl/

Denne skjermen kommer til å bli det siste som eg ser før eg dør».

Koret starta opp i 2016, og har songarar i alderen 10, 11 og 12 år – aldersgruppa som er midt mellom born og tenåring. Tweens kallar engelskmennene denne aldersgruppa, og der kjem også namnet på koret frå.

– Bli med i koret vårt!

Samtidig med at dei inviterer alle på påskekonsert i Os kyrkje på søndag, vil dei også gjerne formidla at det er god plass til fleire songarar i koret.

– Me er cirka 12 medlemmer, og no fekk me akkurat spørsmål frå to nye som hadde lyst å bli med på øving i dag. Då vart me einige om at dei kunne byrja på neste øving, sidan me nett no øver hardt til konserten som skal vera på søndag. Og me har god plass til fleire også, seier Gro Helen B. Skjælaaen som er kordirigent og kyrkjelydspedagog.

– Kvifor synest de det er kjekt å gå i kor?

– Det er sosialt og kjekt. Gro Helen er veldig flink, og me lærer masse frå ho, seier Ina Marie Aadland.

– Det er kjekt å læra nye songar. Koret syng så bra at eg får lyst til å dansa, istemmer Embla Ulvatne.

ol@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut