Os Live-arrangementet i Nore Neset-hallen er kome for å bli. Leiar Tor Egil Hylland håpar andre arrangørar i framtida legg sine arrangement på andre dagar enn vesle nyttårsaftan.
Os Live-arrangementet i Nore Neset-hallen er kome for å bli. Leiar Tor Egil Hylland håpar andre arrangørar i framtida legg sine arrangement på andre dagar enn vesle nyttårsaftan.

Vesle nyttårsaftan-festen gjekk i pluss

Med i underkant av 450 publikummarar gjekk Os Live-konserten på vesle nyttårsaftan i pluss.

- Me har ikkje finrekna på tala, men det ser ut til at me går nokre tusenlappar i pluss, seier leiar i Os Live, Tor Egil Hylland.

I lys av at fleire arrangement fall på same kveld, er han godt nøgd med det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var litt urolege då det vart klart at Romjulsbluesen på Peppes og julerocken i Lysefjorden fall på same dag, men med nær 450 på nyttårs-arrangementet vårt, føler me alt i alt at det vart ein suksess, seier Hylland.

"Vår kveld"

2016 hadde ei "krøkkete" romjul med få fridagar. Dei neste åra vert det langt meir hyggjeleg for det vanlege arbeidsfolket.

- Vesle nyttårsaftan-arrangementet vårt er kome for å bli. Dette er i ferd med å bli ein tradisjon. Eg håpar dei andre som arrangerer konsertar i Os vel andre kveldar i romjula i tida framover. Det ville i alle høve vore ein fordel for oss alle, seier Hylland.

10 artistar reservert

Med vesle nyttårsaftan-arrangementet bak seg kan Hylland & Co no leggja bak seg Os Live-prosjektet for denne gong, og konsentrera seg fullt og heilt om Osfest. Arbeidet er godt i gang.

- Til no har me berre signa éin avtale, men me har ti band/artistar som har reservert seg for Osfest-helga 12.-13. august. Eg vil ikkje røpa nokre av artistane enno, men eg kan seia såpass at ein av dei er nominert til Spellemannsprisen, fortel Hylland.

Han reknar med at dei første namna vert sleppt i slutten av månaden.

- Me får sjå korleis me gjer det. Truleg vert det litt som i fjor, då me sleppte eit par namn om gongen utover vinteren, seier Osfest-generalen.

Fredagen for ungdomen

I fjor fekk Osfest kritikk for at det var for få artistar mynta for ungdomen. Det har festivalen teke til etterretning.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt no under Os Live-arrangementet vesle nyttårsaftan såg me resultat av at ungdomsgruppa vår gjer ein god jobb. «Mighty Magnolias», «Byting» og «Rotlaus» samla godt med ungdom. Me både håpar og trur at mange unge vil koma til årets Osfest også. Programmet på fredagen er spesialsydd for ungdommen, slår Hylland fast.

Laurdagen vert programmet meir variert.

- Kven har stått for bookinga så langt?

- Det har eg gjort sjølv, med god hjelp av den nemnde ungdomsgruppa og andre flinke folk. Me har verkeleg trua på at dei ti namna me har på blokka til no, vil lokka godt med folk til Osfest 2017, avsluttar Hylland.