Geir Vetti som sjølv kallar seg "husdoktor" og "steingal" ser for seg å samla på gardar som treng vedlikehald og stell.
Geir Vetti som sjølv kallar seg "husdoktor" og "steingal" ser for seg å samla på gardar som treng vedlikehald og stell.

Vetti sherpa interessa

Geitr Vettis føredrag om sherpaar frå Nepal sytte for rekordframmøte i sesongens fyrste senioruniversitet.

Interessa for å høyra på Geirr N. Vetti måndag var så stor, at Vargasalen vart for liten. Dei 240 frammøtte måtte omplasserast til Oseanasalen før fordraget kunne starta!

Følgde barndomsdraumen

Dei frammøtte fekk i føredraget prov på at ein lys idé hos den rette personen, kan skapa store resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Geirr Vetti, i ungdomen modellsnekkar hos Bahus, følgde etter kvart barndomsdraumen sin om å eiga og bu på ein "hyllegard". Etter å ha sett på 42 gardar langs heile Vestlandet, hamna han på garden Skåri i Luster - ein gamal gard høgt oppe i lia, men den einaste garden i bygda med sol heile året!

Garden var nærast til nedfalls, og det var mykje å gjera for å rydda og vøla. Vetti hyrte inn arbeidarar, prøvde med tilsette frå etter kvart 11 ulike europeiske folkeslag. Men ingen arbeidarar heldt ut meir ein nokre få dagar med det tunge slitet som trongst. Då kom han til å tenka på kva han hadde høyrt om sherpaane, eit folkeslag som skulle vera både dyktig og van med tunge tak. Tanken vart til handling, og for om lag 13 år sidan kom dei to første sherpaane til Skåri gard. Det vart ikkje siste gongen dei kom! Frå to sherpaar det første året, er no over 30 sherpaar kvar sommar engasjerte med bygging og vøling av ulike kulturminne i stein her i landet.

350 kilo på ryggen!

Før Vetti fortalde om sherpaane sitt arbeid her i Norge, tok han forsamlinga med på ei reise i ord og bilete til Nepal. Sherpaane - mellom 50.000 og 100.000 - er den minste av Nepal sine 28 folkegrupper. Dei kom opphavleg frå aust, frå Tibet - sherpa tyder "folket frå aust".

Skåri gard i sommerdrakt.
Skåri gard i sommerdrakt.
Skåri gard i vinterdrakt.
Skåri gard i vinterdrakt.
Sherpaanes heimby, Khunde.
Sherpaanes heimby, Khunde.

Dei fleste av sherpaane bur i ein dal opp mot Mount Everest, eit område omgitt av ein del av verdas høgaste fjelltoppar. Sherpaane er mest kjende som berarar ved Himalaya-ekspedisjonar, først og fremst til Mount Everest. Dei som jobbar i Norge har m.a. bak seg om lag 160 Mount Everest-oppstigingar!

Mykje av grunnen til styrken til sherpaane ligg i fysikken deira. Dei har større lungekapasitet enn andre folkeslag, og større hjarte. Det siste fører til større kapasitet for oksygenopptak. Men dei er òg gode på samarbeid, har stor mental styrke og har ei sterk gudstru. På bileta frå Nepal fekk vi sjå korleis sherpaane kunne bera bører på 60-70 kilo i fleire dagar, medan nordmenn hadde nok med 5 kilos-sekk på ryggen! Rekord i berevekt for ein sherpa skal vera på 350 kilo på ryggen! Og kvinnene er mest like sterke som dei mannlege.

Verdas farlegaste flytur

For å koma til "sin" landsby Khunde på 3.480 m.o.h., må Vetti fly frå Katmandu til ein landsby på 2800 m.o.h.- "verdas farlegaste flytur" kalla han turen. Vidare kan sherpaane bruka rundt ein dag for å koma til Khunde, medan nordmenn treng 3-4 dagar for å koma fram. Tempoet må vera særs roleg for ikkje å få høgdesjuka. Undervegs, t.d. ved heilage steinar, må tradisjonelle ritual gjennomførast.

Geirr Vetti er blitt godt kjend i Khunde, og sherpaane ser på han som familie. Han vert kalla "onkel" - ein heiderstittel. Og på bileta frå 2014 såg vi at han vart motteken med pomp og prakt; alle i landsbyen i nasjonaldrakter og munkar som spela velkomstmusikk på lange trompetar! Og det er ikkje rart at han vert verdsett; arbeidet sherpaane har utført i Norge i desse åra, har gjort at dei har kunna tilbakeføra rundt 25 millionar kroner til landsbyen. Butilhøve og levestandard har gjennom dette fått ei naudsynt heving. Dei har òg kunna byggja eit stort tempel, eit særs viktig bygg for dei som buddhistar.

Tempel på Skåri

Eit buddhistisk tempel har Vetti òg sytt for at dei har fått setja opp på Skåri - eit prov på at dei også høyrer heime her. Arbeidet som sherpaane har lagt ned på og rundt garden, gjer at han no står fram som eit usedvanleg stort og flott gardsanlegg og med den gamle middelalderstien restaurert. Det er funne 18 grunnmurar i tunet og garden har hatt over 20 utløer og ti stølshus fordelt på tre stølar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stadig fleire stader i landet har nytta seg av sherpaane til Vetti. Dei kjem til landet kvar sommar og arbeider med å sikra kulturminne; dei bygg opp att murar og bruer som er til nedfalls, bryt stein og lagar stiar og vegar, kort sagt dei tek på seg alle typar arbeid med stein. Og før eit arbeid tek til, syter dei for at dei ber for arbeidet, velsignar det og kastar ris opp i lufta som ei ofring! I tillegg til at Vetti og norske styresmakter syter for at alt er i orden vedkomande HMS og arbeidskontraktar!

Har sett varige spor

Ein mann sin idé og menn frå andre sida av verda har sett varige spor i norsk natur og kultur. Arbeidet held fram, og Vetti som sjølv kallar seg "husdoktor" og "steingal" ser for seg å samla på gardar som treng vedlikehald og stell. Han har allereie sikra seg ein gard til, Ystås i Hardanger, og vonar på å skaffa seg fleire. Godt for den garden som blir teken hand om av Geirr Vetti og sherpaane hans!

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet