Sommaren 2013 møtte 300 elevar frå St. Paul skule i Bergen opp ved Lyse kloster for å feira messe i klosterruinane. Også i Os er katolikkane store, og har flest medlemmer av kyrkjesamfunna utanfor statskyrkja.
Sommaren 2013 møtte 300 elevar frå St. Paul skule i Bergen opp ved Lyse kloster for å feira messe i klosterruinane. Også i Os er katolikkane store, og har flest medlemmer av kyrkjesamfunna utanfor statskyrkja.

Kva gudar trur osingane på?

86 prosent av osingane er med i eit trus- eller livssynssamfunn. Ny statistikk syner kva religionar, kyrkjelydar og livssyn som er størst i bygda.

På fire år har medlemsmassen gått frå 85 av osingane til rundt 80 prosent. Trass i noko tilbakegang, står Den norske kyrkja framleis i ei særstilling med sine 15.212 medlemmer. Dei kommunale utgiftene som var sett av til dette trussamfunnet var i 2015 4,68 mill. kroner. Dessutan var 2,67 mill. kroner sett av til kyrkjegardar.

200 registrerte ikkjetruande

Elles viser tilskotslista til kyrkjelydar at det er ein ganske rik flora av trussamfunn i bygda. Til saman er det registrert 68 ulike trussamfunn eller livssynssamfunn i bygda. Totalt utgjer dei 1160 personar eller 6 prosent av innbyggjarane. Dei som ikkje har oppgitt noko trudomssamfunn eller har eit ukjent tilhøyr, tel 2725 personar (14 prosent). Dei som ikkje har ei gudstru og er medlemmer i Human-etisk forbund og Humanistforbundet, tel 194 og 5 medlemmer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Færre katolikkar

Størst av trussamfunna utanfor statskyrkja er Den romersk-katolske kyrkja. Dei tel 304 medlemmer i bygda. Dette er likevel ein kraftig tilbakegang i talet registrerte medlemmer frå året før, då 485 katolikkar var registrerte her. I 2013 var talet 380. Om dette heng saman med at Oslo katolske bispedømme ikkje lenger får lov til å telja alle katolskfødde utlendingar som medlemmer, eller om det syner at katolske arbeidsinnvandrarar har flytt tilbake, er ikkje kjent.

Muslimar og buddhistar

Dei ulike muslimske foreiningane og menigheitene tel samanlagt 117 registrerte personar. Størst av desse er Det islamske fellesskap Bosnia og Herzegovina med 46 medlemmer i Os. Bergen muslimske forening har 35 medlemmer og Bergen Moské har 16.

Buddhistforbundet tel 97 medlemmer. Andre buddhistiske trusretningar tel 6 medlemmer.

Baha'i-samfunnet har på si side 12 medlemmer.

Menigheten med lengst namn

Den ortodokse kyrkja (som var felles kyrkje med den romersk-katolske fram til år 1054) er gradvis i vekst i fleire små kyrkjesamfunn fordelt på etniske minoritetar. 78 medlemmer tel dei samanlagt. Den største av desse er Kristi åpenbaringsmenighet den russisk-ortodokse kirke (Moskvapatriarkatet) med 37 medlemmer. Desse har gudstenester i Bergen under leiing av den Halhjem-busette presten fr. Dmytro Ostanin. Den neststørste er den rumenske forsamlinga med 23 medlemmer, og dei har det lengste namnet av noko trussamfunn i lista: «Den rumenske ortodokse menighet Kristi himmelfart og de hellige martirene Filofteia fra Arges Tatiana fra Craiova og Sunniva fra Bergen i Bergen».

Andre kristne

Os misjonsmenighet har 38 medlemmer. I 2013 var dei registrert med 16 medlemmer, og dei er såleis veksande. Men dei må sjå seg slått av Jehovas vitne som har 55 medlemmer i Os. Den islandske evangelisk-lutherske menighet i Norge har 31 medlemmer i bygda. Av karismatiske/pinsekristne forsamlingar er Credokirken (tidl. Levende Ord) størst med ca 30 medlemmer, etterfølgt av Salt Bergenskirken med 26 medlemmer, og Kristent Fellesskap med 21 medlemmer. Her kunne Influx - Os-fellesskapet ha vore rekna med, som tel ca 50 personar, men dei figurerer ikkje på lista over Brønnøysundregistrerte trussamfunn.

Sjeldne fuglar

Livssyn av det meir uvanlege slaget finst også på lista. Norsk spiritualistisk trossamfunn har fire medlemmer i Os. Ifølgje nettsida spiritualist.no følgjer dei ikkje nokon bibel, koran eller anna bok: "Det de har er kun et sett med 7 prinsipp som styrer alt. Disse prinsippene ble gitt fra spiritualisten Robert Owen som døde i 1858 og som noen år etter sin død kom tilbake som ånd og gav prinsippene til Emma Hardinge Britten".

Sjamanistisk forbund har tre medlemmer i Os. Sjamanismen vart anerkjent som religion i Noreg i 2012. Dei vil vidareføra religionen frå samane og gamal norrøn tru.