Jettegryto barnehage har hatt einbyggjeplass som næraste nabo sidan i vår. I førre veke fekk borna ta området nærare i augesyn.
Jettegryto barnehage har hatt einbyggjeplass som næraste nabo sidan i vår. I førre veke fekk borna ta området nærare i augesyn.

Kva har skjedd i Jetteskogen vår?

Sidan i vår har det vore sprenging og graving på nabotomta til Jettegryto barnehage i Eikelandsosen. Men kva held dei eigentleg på med? Torsdag vitja barnehageborna anleggsområdet.

Då inviterte prosjektleiar Ranveig Næss hjå Kjosås Maskin AS born og personale i barnehagen til omvising på området.

- Næss viste og fortalte at vi får nye vegar, og ny stor idrettshall som nabo til barnehagen, skriv styrar i Jettegryto barnehage, Kjellaug Skage Raunsgard, i ein e-post til Os og Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan i vår har borna i barnehagen kunna følgja med på sprenging, graving og store maskinar på nabotomta.

Torsdag i førre veke fekk borna utforska området, og sjå dei store maskinane på nært hald. Dei fekk til og med sitja inne i gravemaskinane og dumparane

- Til slutt fekk vi bollar og saft som smakte godt. Tusen takk til Ranveig og alle maskinførarane som tok seg tid til å visa oss rundt. No vert det spennande å følgja med på det vidare arbeidet i haust og vinter, skriv små og store i Jettegryto barnehage til avisa.

Ved sidan av barnehagen skal det etterkvart verta idrettshall. Store maskiner er spennande for store og små.
Ved sidan av barnehagen skal det etterkvart verta idrettshall. Store maskiner er spennande for store og små.
Etter besøket på anleggsområdet inviterte prosjektleiar Ranveig Næss på saft og bollar.
Etter besøket på anleggsområdet inviterte prosjektleiar Ranveig Næss på saft og bollar.