Laila Moberg og Olav Botnevik ønskjer at Os og Fusaposten sine lesarar skal hjelpa dei med å finna namn på Botneviks nye and.
Laila Moberg og Olav Botnevik ønskjer at Os og Fusaposten sine lesarar skal hjelpa dei med å finna namn på Botneviks nye and.

Kva skal anda heita?

Laila Moberg og Olav Botnevik tenkjer å døpa denne anda på Bondens dag. Kan du hjelpa med namnet?

Det skal handla litt ekstra om ender under årets utgåve av Bondens dag. Olav Botnevik tek sin del av ansvaret og stiller med eit par peking-ender. Os Turn kjem med ein god "bunsj" ekstra til andesleppet deira, som går føre seg i Oselva.

- Det er kjekt med dyr i sentrum. Og ENDEleg får me nokre ender her også, ler Laila Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Botnevik lovar både ender, kalv og grisar.

- Det er viktig å syna bygda kvifor det er viktig å ha matjord og garder. Men det kjekkaste er å gleda born som er glade i dyr, seier Botnevik.

- De inviterer til namnekonkurranse for denne anda. Har de nokre andre morosame ting på gang?

Medan Moberg & co syt for marknad og flott handelsdag i Os sentrum, lagar Olav Botnevik og hans kollegaar til litt gardsliv på Kyrkjeflaten.
Medan Moberg & co syt for marknad og flott handelsdag i Os sentrum, lagar Olav Botnevik og hans kollegaar til litt gardsliv på Kyrkjeflaten.

- Ja, vi skal ha hønsedritebingo. Dessutan vert det som alltid lagt til rette for at born skal få ri litt på hestar, fortel Botnevik.

Dyr i sentrum, ikkje dyrt

Etter det han kan hugsa nærmar det seg den 25. gongen det vert arrangert Bondens dag i Os sentrum.

- Det er eit tradisjonsrikt arrangement, som me gardsbrukarar meiner er viktig. Det er mykje jord og tomteareal som i desse dagar går til utbygging. Me er her for å visa verdien av å ha gardar. Det er ikkje så mange produksjonsgardar igjen i bygda. Det er viktig at me ivaretek desse, seier Botnevik.

Medan han og fleire andre gardsbrukarar syt for at det vert godt med dyr i sentrum, lover Laila Moberg at det ikkje vert mykje dyrt.

- Me inviterer til marknad med gode tilbod i heile sentrum. I tillegg vert det høve for lag og organisasjonar til å møta fram med stands. Me hadde kjempemykje folk i samband med Osfest, og håpar på å gjenta suksessen, fortel Moberg, som tradisjonen tru lovar gratis frukost også i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet er eitresultat av eit samarbeid med Os bondelag og deira samarbeidspartnarar.

Matkvartal

Som ved dei fleste siste store arrangementsdagane i sentrum, vert det også på laurdag høve for å smaka god og variert mat på Telthusplassen.

På torget vert det laga til catwalk. Denne gongen er det bøndene som skal i elden.

- Me har vel ikkje så lyst, men me stiller no opp - med fatt mot, humrar Botnevik.

Og som om ikkje det er nok, er det også klart for Dragebåtfestival same dag.

Det heile startar med oppmarsj frå grusplassen ved Os ungdomsskule til Solsiden. Sidan vart det full kappestrid i Oshamn.