"Os og Fusaposten" har vore mange vegar med julenissemaskene våre dei siste dagane. Frå og med tysdag kan de følgja "Julenissemasko-kalenderen" på våre heimesider osogfusa.no
"Os og Fusaposten" har vore mange vegar med julenissemaskene våre dei siste dagane. Frå og med tysdag kan de følgja "Julenissemasko-kalenderen" på våre heimesider osogfusa.no

Kven skjuler seg bak julemasko?

Heile advent vil «Os og Fusaposten» leggja ut ein ny julenisse-video på våre heimesider. For lesarane kan nissejakta enda med ein reisesjekk på 5.000 kroner.

Konseptet er enkelt og greitt. Me har fått med oss 24 meir eller mindre kjente personar i Os og Fusa. Felles for desse er at dei har gått med på å spela julenissen vår kvar sin dag i advent.

«Julemasko»-ansvarleg i «Os og Fusaposten» Benjamin Søgnen Olsen udjupar kva me får servert.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ved hjelp av ein kort videosnutt vert det presentert ein julenisse kvar dag. Nissen seier nokre enkle stikkord og hint om kven han/ho er, eller kva han/ho driv med. Deretter er det opp til lesarene å resonnera seg fram til kven som skjuler seg bak maska, seier Olsen.

24 dagsvinnarar

Dersom ein meiner å vita kven som er nissen, mailar ein svaret ved hjelp av ein link som me legg ut under videoen (post@osogfusa.no).

- Ein kvar julekalender med respekt for seg sjølv må sjølvsagt ha dagsvinnarar. Me vil ha Freia melkesjokolade og eit flaxlodd til dagsvinnarane. Til hovudpremien - den som vert trekt ut av samtlege 24 vinnarar - skal me ha eit reisegåvekort frå Os Reisebyrå på 5.000 kroner, fortel Olsen.

- Kva må ein ha med i svaret?

- Me er ute etter det heile og fulle namnet til personen som gøymer seg bak nissemaska, korkje meir eller mindre. Elles må ein sjølvsagt ha med namn på innsendar og kontaktinformarsjon.

Avis-gjengangarar

Lokalavisa har så godt som det har late seg gjera prøvd å finna nissemaske-kandidatar som dei fleste skal ha ein sjanse til å kjenna att, men nokon av nissane er nok mindre kjente enn andre.

- Nissane snakkar sjølve, og kjem med små leietrådar. Graden av hint er nok større for dei som ikkje er fullt så kjente. Elles kan det vera eit tips å sjå litt på bakgrunnen der opptaka av nissane vert gjort. I nokre tilfelle kan ein kanskje resonnera seg fram til svaret ved hjelp av dette. Eit anna tips kan vera å leita litt i arkivet vårt på heimesida. Me har nok skrive om alle julenissane tidlegare, seier Olsen.