Damene på tribunen, med enkelte mannlege innslag, gav Os Karateklubb solid oppbacking.
Damene på tribunen, med enkelte mannlege innslag, gav Os Karateklubb solid oppbacking.

Lagbronser og tribunegull

Os sine to lag fekk kvar sine bronser under dagens karate-NM i Oshallen. Men damene på tribuna tok gullet i heiing.

Ein av dei som fekk bronse var Åsmund Slettevold. Og det utan å vera i kamp ein einaste gong.

- Vi ville spara Åsmund til ein eventuell finale sidan han er vår beste mann, seier trenar, såkalla sensai, Cato Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os heldt ikkje til nokon finale, og før Åsmund fekk gå i elden i bronsefinalen, hadde dei to andre karane på laget, Henrik Reed-Larsen og Fredrik Vald, fiksa sigeren.

- Eg hadde jo gleda meg til å gå på, men sånn vart det ikkje, ler ein litt slukøyra Åsmund.

Blå nagl

Ei anna som måtte stå på sidelinja var Amanda Njøten (19) osingen som vart noregsmeister i februar.

Åsmund Slettevold har tidlegare teke bronse i EM.
Åsmund Slettevold har tidlegare teke bronse i EM.
Trond Blomberg står for ein støyt.
Trond Blomberg står for ein støyt.
Tobias slår godt frå seg.
Tobias slår godt frå seg.
Benjamin frå Os Karateklubb.
Benjamin frå Os Karateklubb.
Oslo-busette Fredrik Vald (t.v.) og Nicolas Ferdinand Cronard kjempa for Os Karateklubb og trenar Cato Bruarøy (i midten).
Oslo-busette Fredrik Vald (t.v.) og Nicolas Ferdinand Cronard kjempa for Os Karateklubb og trenar Cato Bruarøy (i midten).
Dan Sander Solwedel (t.v.) vann sin fyrste kamp.
Dan Sander Solwedel (t.v.) vann sin fyrste kamp.
Ei skadd Amanda Njøten (19) skulle helst ha vore på matta bak i dag.
Ei skadd Amanda Njøten (19) skulle helst ha vore på matta bak i dag.

- Eg har skada meg i ein finger, så eg kan verken trena eller konkurrera, sukkar ho og viser fram ein blå nagl.

Fingeren er heldigvis ikkje knekt, men eit ublidt møte med ein garasjeport gjer at ho førebels ikkje greier å knytta neven skikkeleg.

- Det er surt å berre sjå på. Eg hadde gleda meg til å konkurrera mot andre vektklasser enn dei eg har møtt før, men eg gjer i alle fall mitt beste på tribunen, smiler ho.

Dominerte tribunen

Og nettopp tribunen vart fullstendig dominert av heimepublikumet. Stolte mødrer og ivrige kollegaer hadde møtt fram for å heia på sine. Sjølv tilreisande let seg imponera over stemninga Os skapte på sidelinja: "Det er så gøy å høre hvor glade de blir", var den spontane responsen frå ei karate-jente frå Oslo.

- Vi heiar på andre også, så sant dei ikkje kjempar mot osingar, seier ei av dei jublande damene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fyrste gong karate-NM vert arrangert i Os, og det heile såg ut til å gå som smurt.

Også Cato Bruarøy var svært nøgd.

- Når du ser rundt deg her så skjønar du kvifor karate er ein av dei mest utøvde idrettane på verdsbasis. Ein treng lite utstyr, og bekledninga skaper ikkje noko kroppspress.

Sjølv har veteranen trent karate kvar dag i 32 år, og har ikkje tenkt å gje seg med det fyrste.